Bannock

Bannock er ein type brød som kan vera flatt eller heva av ulike typar korn.

Namnet har opphav i skotsk og nordengelsk dialekt, men har også spreidd seg til nordamerikanske urfolk for ein type steikte brød.

Bannock
Bannock av byggtypen bere frå Orknøyane
Bannock
Inuittisk bannock

Ordsoge

Ordet «bannock» kjem frå nordengelske og skotske dialektar. Ifølgje Oxford English Dictionary stammar det frå panicium, eit latinsk ord for "bakt deig", eller frå panis, som tyder 'brød'. Den eldste stadfesting er bannuc i tidlege ordforklaringar av forfattaren Aldhelm (d. 709), og den eldste kjende definisjonen er frå 1562. Historisk var det hovudsakleg utbreidd i Irland, Skottland og Nord-England. Den skotske diktaren Robert Burns nemner bannock i sitt Epistle to James Tennant of Glenconner, med referanse til Alexander Tennant.

Mansk bonnag kjem truleg frå same rot som bannock, og blir laga med liknande ingrediensar.

Blant nordamerikanske urfolk blir liknande brød kalla bannock, skaan (eller scone), Indian bread eller frybread.

Historie

Bannock 
Inuittisk kvinne lagar bannock
Bannock 
Cree-bannock i panner

Dei opphavlege bannockane var tunge, flate kaker av bygg eller havre med deigen forma til ei rund eller oval form og så steikt på ei takke (girdle på skotsk). I Skottland før 1800-talet steikte ein bannocks på ein flat, rund sandstein, bannock stane, som ein hadde direkte over elden. Dei fleste moderne bannockar har også bakepulver eller natron som hevemiddel, som gjev dei ein lettare, luftigare tekstur.

Variantar

Bannockvariantar kan ha namn etter ulike eigenskapar, som kva type mjøl dei er laga av, om dei er heva eller ikkje, om dei inneheld særskilde ingrediensar, korleis dei er bakte eller steikte, og namn på rituale eller festivalar dei knytte til. I Nord-England blir bannock ofte laga med paideig.

Bannockbrød er utbreidde blant fleire nordamerikanske urfolk, som inuittar i Canada og Alaska, andre Alaska Natives og First Nations i resten av Canada, urfolk i USA og métisfolk. Det er omdiskutert om brødet fanst før urfolka hadde kontakt med europearar eller ikkje. Dei laga allereie mat med korn frå mais, røter og sevje. Særleg røter av bjørnestjerne er blitt brukte av ulike urfolksgrupper til å laga mat som bannock. Quamash Bannock er teken med i Ark of Taste.

Kjelder

Tags:

Bannock OrdsogeBannock HistorieBannock VariantarBannock KjelderBannockBrødNordamerikanske urfolkSkotsk

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Aust-ArjithéaTidvatnBrennverdiSnow White and the Seven DwarfsSeladonLondonPeter BoszKnut Marius DjupvikRepublikkPeriferieininga Tríkala2019MP3Amalie SkramABBADurgaHappy HumanSymbol i hinduismenNazistGorgopótamosAldous HuxleyArabiskBalusterISO 8601Svart kattLinn UllmannMarie AntoinetteLeksikonNoregVerktøyet filHundPhobos i gresk mytologiMjøsaFredrik SolvangGlimmerHarriet BackerLundefuglVM i alpine greiner 2019John ScofieldPeriklesArian EngebøSpedbarnKorrespondentGeostasjonær baneBizkaiaPalauSystem of a DownBjørnøyaMengdItaliaPer SpelmannDigital object identifierBaronFolkestyreStrilamålVM i friidrett 1983EtanolDet internasjonale fonetiske alfabetetAbugidaMagnetisk feltstyrkeSilje NordnesAnders AuklandMGjærHindugudarKoparOmanbuktaForvandlingaTwitterListe over primtalBuBloggPanter🡆 More