Bakepulver er eit tørt hevemiddel i pulverform brukt i baking.
Det finst i fleire utgåver, alle inneheld eit alkalistoff (vanlegvis natriumbikarbonat, natron), ei syre i saltkrystallform og stivelse for å holde pulveret tørt. Når bakepulveret vert løyst i vatn, reagerer syra og alkaliet og dannar karbondioksid, som tar større plass enn pulveret og hever blandinga.
Vi kan skrive reaksjonslikninga slik:
Dei fleste moderne bakepulver inneheld to ulike syresalt slik at dei reagerer to gonger, ein gong ved romtemperatur og ein gong ved høgre temperatur (ved steiking).
Ein selde fleire ulike bakepulvertypar i første halvdelen av det 19. hundreåret, men bakepulveret vi kjenner i dag vart oppdaga av Alfred Bird. Eben Norton Horsford, ein student av Justus von Liebig, begynte å studere bakepulver i 1856 og utvikla etterkvart ein variant han kalla opp etter Grev Rumford. Den tyske farmasøyten August Oetker gjorde bakepulver veldig populært då han begynte å selje miksturen sin til husmødrer. Denne miksen vert seld som Backin i Tyskland. Oetker begynte masseproduksjon i 1898 og patenterte teknikken sin i 1903.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Bakepulver, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.