Baden-Baden

Baden-Baden er ein by i Tyskland i delstaten Baden-Württemberg med om lag 52 000 innbyggjarar.

Byen ligg på vestsida av Schwarzwald ved breidda av elva Oos i landkreisen Karlsruhe.

Baden-Baden
Stiftskirche i Baden-Baden
Stiftskirche i Baden-Baden
Stiftskirche i Baden-Baden
Byvåpen Plassering
Byvåpenet til Baden-Baden
Baden-Baden is located in Tyskland
Baden-Baden
Styresmakter
Land
Delstat
Regierungsbezirk‎
Landkreis
Tyskland Tyskland
Baden-Württemberg
Karlsruhe
Kreisfri by
Geografi
Flatevidd
 - By

140,21 km²
Innbyggjarar
 - By (2012)
   - folketettleik

52 585
  375/km²
Koordinatar 48°46′0″N 8°14′0″E / 48.76667°N 8.23333°E / 48.76667; 8.23333
Høgd over havet 161 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 76530–76534
Telefon-retningsnummer 07221, 07223
Bilnummer BAD
Heimeside: www.baden-baden.de

Historie

Kjeldene i Baden-Baden var kjende alt for romarane og grunnlegginga av byen referer til keisar Hadrian i ein inskripsjon, som er noko tvilsam. Staden fekk namnet Aurelia Aquensis til ære for Aurelius Severus. Det er framleis mogeleg å sjå bitar av dei antikke skulpturane i byen, og i 1847 vart restane av eit godt bevart romersk dampbad oppdaga like nedanfor Neues Schloss.

Byen vart kalla Baden i mellomalderen. Frå 1300-talet til slutten av 1600-talet var Baden-Baden residens for markgrevane av Baden, som gav namn til byen. Dei budde først i Schloss Hohenbaden (det gamle slottet), som ein kan sjå ruinane av på ein ås over byen, men i 1479 flytta dei til Neues Schloss, som ligg i ei åsside nærmare byen, og som er kjend for den underjordiske fangekjellaren. Under trettiårskrigen vart Baden-Baden hardt råka, særleg av franskmennene som plyndra byen i 1643 og brende han til grunnen i 1689. Markgreven Ludvig Vilhelm flytta til Rastatt i 1706.

I 1931 fekk byen offisielt det doble namnet Baden-Baden (ei kort form av «Baden i (delstaten) Baden»). Byen slapp unna utan øydeleggingar under begge verdskrigane. Under den andre verdskrigen låg det ein underavdeling av Flossenburg konsentrasjonsleir i byen. Etter krigen vart Baden-Baden hovudkvarter for dei franske okkupasjonsstyrkane i Tyskland og ein leir for tvangsflytta folk.

Den russiske forfattaren Fjodor Dostojevskij skreiv «Igrot» (Spelaren) medan han var avhengig av å spele på Baden-Baden Casino.

Galleri

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Baden-Baden  Wiki Commons har multimedia som gjeld: Baden-Baden

Tags:

Baden-Baden HistorieBaden-Baden GalleriBaden-Baden KjelderBaden-Baden BakgrunnsstoffBaden-BadenBaden-WürttembergDelstatar i TysklandLandkreisSchwarzwaldTyskland

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

JonsokHollandJack SonniMyggNATOIndonesiaKaptein SabeltannKvigeAlbumet Hotel CaliforniaRockallKattTime Out of MindRød snøSjtipArve OpsahlAlbumet That'll Be the DayKåre Magnus BerghKrokketSnønipaCountryEllen NikolaysenBBC Scottish Symphony OrchestraPred da se razdeniMuterHøgaste fjell i Noreg etter primærfaktorStrynefjelletPuffa risBorgarkrigen i USA1450Oslo kommuneA Whiter Shade of PaleBakuToscanaMike HendersonKateríniHufsaK2Pjokken EideDen sahrawiske arabiske demokratiske republikkenTula oblastAlbumet Money for NothingAlmopíaPelle og Pysa PiratDen guddommelege komedieAugestikkararBosnia-HercegovinaBananKortromanStoreggarasetPeter Wessel TordenskjoldIALA maritime bøyesystemKattaEstimeringIonaHomofobiMinar-e-PakistanCounty DurhamThe Rolling StonesHanamiDire Straits av Dire StraitsGotland20. aprilMogopDet argentinske kvinnelandslaget i fotballSlaget ved RossbachThe HolliesGrunnstoffliste etter namnLimpopoLa RochelleOn Every StreetTsjekkoslovakiaShetlandsbussenTrikktrakkSkottlandNato-alfabetetLandplantarMuhammed🡆 More