Båtsfjord: Tettstad i i Finnmark

Båtsfjord er ein tettstad og administrasjonssenteret i Båtsfjord kommune, nordaust i Finnmark fylke, mindre enn éin breiddegrad frå Knivskjellodden, den nordlegaste staden i Finnmark.

Tettstaden ligg på Varangerhalvøya, ved botnen av Båtsfjorden, og har 2 105 innbyggjarar per 1. januar 2023. Det meste av busetnaden i kommunen er konsentrert til tettstaden. Her står Båtsfjord kyrkje.

Båtsfjord
tettstad
Båtsfjord: Tettstad i  i Finnmark
Båtsfjord

Foto: Inge Wahl

Land Båtsfjord: Tettstad i  i Finnmark Noreg
Fylke Finnmark
Kommune Båtsfjord
Areal 1,44 km²
Folketal 2 105  (2023)
Folketettleik 1 462 / km²
Postnummer 9990 Båtsfjord
Innbyggjarnamn båtsfjording
Preposisjon i Båtsfjord

Båtsfjord
70°38′04″N 29°43′06″E / 70.63444444°N 29.71833333°E / 70.63444444; 29.71833333
Wiki Commons: Båtsfjord (village)

Hovudnæringar i Båtsfjord er fiske og fiskeindustri. Båtsfjord er saman med Hammerfest dei største norske fiskeværa når det gjeld ilandført kvantum. Kaia har 7 000 skipsanløp årleg. Her finst sju fiskeforedlingsbedrifter, mellom anna filetfabrikkar med fryseri, og rekefabrikkar. Ingen andre stader produserer like mykje lodderogn og konsumlodde som Båtsfjord. Også havbruk har vorte ei viktig næring. Elles er her fleire mindre verkstader for fiskeflåten. Det har vore tre kvalfangststasjonar i Båtsfjord, der den første vart bygd i 1884 av skipsreiar O.B. Sørensen frå Sandefjord.

Båtsfjord har hurtigruteanløp og flyplass, Båtsfjord lufthamn. Flyplassen vart bygd ferdig i 1999 og har daglege ruteflyavgangar betent av Widerøe. Ishavsvegen, riksveg 891 over Båtsfjordfjellet (400 meter over havet), gir tettstaden vegsamband heile året.

Tettstaden Båtsfjord fekk berre mindre skadar under andre verdskrigen, og fungerte som forsyningsbase for det frigjorde Finnmark etter at tyskarane trekte seg tilbake.

Sjå òg

Kjelder

Tags:

AdministrasjonssenteretBreiddegradBåtsfjord kommuneBåtsfjord kyrkjeBåtsfjordenFinnmark fylkeKnivskjelloddenTettstadVarangerhalvøya

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

KrøllparentesInnsjøar i SverigeGjærBeltaneSjantiNye SverigeMike PinderInkarikets fallSpeidarrørslaTuvinskMadman Across the WaterMellomalderenGranslektaSørlandetMånenJordskokkHotel CaliforniaKarikaturSionistNordland MållagValborgsnattaTidslinje over norsk historieKon-Tiki-ekspedisjonenSymbol i hinduismenViktoriansk litteraturTyrkiaKnut Marius DjupvikUrfolkParlamentarismeSunndalsøraEngelskNamnedagar i NoregSosiale mediumYSigurd NesdalVasco da GamaH.C. AndersenHTMLKalifatSør-KynouríaOsloBergenMatriks i geologiLohriRune BjerkeNoregNorsk rikskringkastingEVerktøyet filSikyónaOrrfuglKjøbenhavns Porcellains MaleriOrtodoks kristendomRomanen AndvakeSverigeStord kommuneAustraliaDygdsetikkErik AndersenKyprosOne PieceCanon EOS 250DIndonesiaΑlfa1-antitrypsinmangelKomparativ fordelMyseTrepunktsopphengStudentVevdesignAnette HoffHydrogencyanidUkrainsk matSexyOlav V av Noreg🡆 More