Aude: Franske departement

Aude er eit departement sør i sentrale delar av Frankrike.

Aude
Våpenskjoldet til Aude
Plassering
Plasseringa til Aude i Frankrike
Administrasjon
Departmentnummer: 47
Region: Languedoc-Roussillon
Préfecture: Carcassonne
Sous-préfectures: Limoux
Narbonne
Arrondissement: 3
Kantonar: 35
Kommunar: 438
Président du conseil général: Marcel Rainaud
Statistikk
Folketal Rangering 50.
 -1999 309 770
Folketettleik: 57/km²
Landareal¹: 6 139 km²
¹ Franske landdata, som ikkje tar med elvemunningar, innsjøar, vatn og isbrear større enn 1 km².
Frankrike

Departementet ligg i regionen Languedoc-Roussillon og er kalla opp etter elva med same namn.

Aude er òg eit kvinneleg førenamn som vert mykje nytta i fransktalande land.

Historie

Aude er ein av dei 83 opphavlege departementa som vart oppretta 4. mars 1790 under den franske revolusjonen. Han vart danna frå delar av den tidlegare provinsen Languedoc.

I antikken kryssa den romerske vegen Via Domitia Aude. Aude var eit senter for katarane, ei dualistisk og gnostisk kristen sekt på 900-talet.

Geografi

Aude ligg mellom Middelhavet og Pyreneane. Departementet er ein del av den noverande regionen Languedoc-Roussillon og grensar til departementa Pyrénées-Orientales, Ariège, Haute-Garonne, Tarn og Hérault, med Golfe du Lion i aust.

Klima

Aude har middelhavsklima. Om hausten kan ein stundom få kortvarige, men kraftige stormar. Sommaren er ofte varm og tørr, med gode forhold for dyrking av vindruer og oliventre. I dei nordlege fjellområda Montagne Noire og dei sørlege fjella Pays de Sault kan ein derimot få låge temperatur om vinteren. Dei vestlege områda får meir nedbør enn dei austlege områda av departementet. Sentrale område, som Limouxin, Carcassonnais og Razès, er ofte utsett for vind, og departementet er eit av dei mest vindfulle i heile Frankrike. Dette kjem av fjellområda i nord og sør, som dannar ein slags korridor i dei sentrale områda.

Turisme

Mellomalderbyen Carcassonne og Narbonne med sine romerske ruinar trekkjer til seg mange turistar. Andre landsbyar som er verdt eit besøk er Limoux, Quillan, Lezignan - Corbières, Lagrasse, Sigean og Leucate. Lagrasse vert rekna som ein av dei flottaste landsbyane i landet. Han ligg ved elva Orbieu og har eit kloster frå 700-talet med eit sentrum som stort sett har vore uendra sidan mellomalderen.

Bakgrunnsstoff

Aude: Historie, Geografi, Klima  Wiki Commons har multimedia som gjeld: Aude

Tags:

Aude HistorieAude GeografiAude KlimaAude TurismeAude BakgrunnsstoffAudeDepartement i FrankrikeElva AudeFrankrikeLanguedoc-RoussillonRegionar i Frankrike

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Det buddhistiske livshjuletAristotelesNynorsk nettleksikonMuhammedJonas Gahr StøreHøgaste fjell i EuropaBjørn Arild GramSexyLKreklingRørvikListe over norske nyord29. juniØstenstadHuaoraniarDiktEnglandJolene av Dolly PartonProfessor emeritusNoregTrettiårskrigenDan Børge AkerøEmil i LønnebergetDei fem K-ane i sikhismenDen raude plassenHarrKristin SkogheimMont Saint-MichelTokyoHans M. BorchgrevinkOffentleg eigedomReggaeJakob II av EnglandTanágraBergen kommuneSørøya i FinnmarkSoparPenisAnatomiske retningsskildringarRosenborg slottThespiésISBNNellikrevolusjonenØrsta kommuneHollandItaliensk salatNordsamiskFagorganisasjonErik AndersenSupermannNatriumNazistPlateésKasusAdministrativ inndeling i HellasMargrethe RøedSvartehavetJeff KinneyDonauMorellIltalehtih5mjdFurieTom HagenProgrammeringsspråket JavaTysklandBolognaT-banen i OsloMogopLeonardo da VinciPadleneReinVietnamSvalSat🡆 More