Golfe du Lion (Løvebukta) er ei bukt i Middelhavet langs kysten av Languedoc-Roussillon og Provence i Frankrike.
Ho strekkjer seg frå grensa mot Catalonia og Spania og vestover til Toulon.
Den største hamnebyen i bukta er Marseille. Toulon er ei anna viktig hamn. Fiskeindustrien i bukta er basert på lysing, som vert fiska med botntrål, liner og garn. Fortida har fiskebestanden minka på grunn av overfiske.
Av elvar som munnar ut i bukta finn ein Tech, Têt, Aude, Orb, Hérault, Vidourle og Rhône.
Kontinentalsokkelen er ei vid undervasslette ved kysten, men til havs stupar havbotn ned mot djuphavssletta i Middelhavet. Mykje av kystlinja består av lagunar og marskland.
Området er kjent for den kalde og sure katabatiske vinden kalla mistralvinden.
Geologar mistenker at det kan vere store oljeførekomstar i bukta.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Golfe du Lion, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.