attitude er eit britisk livsstilsmagasin for homofile.
Magasinet vert seld over heile verda og er tilgjengeleg på iPad og iPhone via App Store og Android via Google Play. Den fyrste utgåva vart gjeven ut i mai 1994. Sidan mars 2011 har det vorte laga ein eigen thaiutgåve.
attitude | |||
Land | Storbritannia | ||
---|---|---|---|
Type | Livsstilsmagasin for homofile | ||
Grunnlagd | Mai 1994 | ||
Eigarar | Attitude Media Ltd | ||
Redaktør(ar) | Matthew Todd | ||
Språk | Engelsk | ||
ISSN | 1353-1875 | ||
Nettstad | www.attitude.co.uk/ |
Fleire kjendiser har vore på framsida av magasinet, mellom anna Rupert Grint, Tony Blair, Daniel Radcliffe, Madonna, Heath Ledger, Sacha Baron Cohen som Brüno, David Cameron, Clive Owen, David Beckham, Take That, James Franco, Dominic Cooper, Mitch Hewer, Mark Feehily, Kevin McDaid, Kylie Minogue, Marilyn Manson, Elton John, McFly, Robbie Williams, Rupert Everett, Justin Timberlake, Philip Olivier, Freddie Ljungberg, George Michael, Rufus Wainwright, Will Young, Christina Aguilera, Dermot O'Leary, John Barrowman, Gary Lucy, Beth Ditto, Cheyenne Jackson og Scissor Sisters.
I mai 2005 vart Tony Blair den fyrste statsministeren som har gjeve eit intervju med eit tidsskrift for homofile. Fire år seinare gav han sitt andre intervju med eit tidsskrift for homofile nokonsinne då han vart intervjua for å markere at det var 15 år sidan attitude vart gjeven ut fyrste gong.
I februar 2010 var leiaren for Det konservative partiet, David Cameron, på framsida av magasinet då han gav sitt fyrste intervju med eit tidsskrift for homofile.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Attitude, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.