Astronomisk Katalog

Ein astronomisk katalog er eit oversyn over astronomiske objekt, typisk gruppert saman fordi dei har liknande type, morfologi, opphav, oppdagingsmåte eller liknande.

Historisk viktige astronomiske katalogar

  • Boka om fiksstjerner av Abd al-Rahman al-Sufi (Azophi) frå rundt 964 skildrar over tusen stjerner i detalj. Ho inneheld den eldste skildringa av Andromedagalaksen og Den store magellanske skya.
  • Uranometria av Johann Bayer frå 1603 er eit sjerneatlas med over 1200 stjerner. Stjernenamna er laga av greske bokstavar med namnet på stjernebildet dei er i, til dømes Alpha Centauri.
  • Historia coelestis Britannica av John Flamsteed frå 1725 lister opp stjerner med nemningar laga av tal kombinert med stjernebilde, til dømes 61 Cygni.
  • Messierkatalogen av Charles Messier frå 1781 byggjer på astronomiske objekt den franske astronomen først lista opp i 1771. Han inneheld Messierobjekt, som galaksar og stjernetåker, med tal frå M1 til M110.
  • New General Catalogue (NGC), kompilert i 1880-åra av J.L.E. Dreyer, lister opp objekt frå NGC 0001 til NGC 7840. Katalogen er ein av dei mest omfattande astronomiske katalogane. Han omfattar alle typar observerbare romobjekt og ikkje berre, til dømes, galaksar.
  • Henry Draper Catalogue (HD) av Henry Draper, gjeven ut mellom 1918 og 1924, lister opp over 225 000 av dei lyssterkaste stjernene. Nemningane bruker HD følgd av eit nummer på 6 siffer.
  • Patrick Moore kompilerte Caldwell-katalogen i 1995 for å komplementera Messierkatalogen. Denne listar opp 109 lyssterke stjernehopar, stjernetåker og galaksar med nemningar frå C1 til C109.
  • 2MASS (Two Micron All-Sky Survey) omfattar over 300 million observerte objekt mellom 1997 og 2001. Prosjektet tok for seg det infraraude spektrumet på himmelen.

Mykje brukte astronomiske katalogar

  • Hipparcos-katalogen - inneheld data for rundt 118 000 stjerner.
  • Tycho-2-katalogen - inneheld data for rundt 2 500 000 stjerner.
  • USNO B1.0 (1 042 618 261 stjerner/galaksar)
  • 6th Orbit Catalog
  • Washington Double Star Catalog
  • Yale Bright Star Catalogue
  • NOMAD og nærskylde katalogar

Sjå òg

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Tags:

Astronomisk Katalog Historisk viktige astronomiske katalogarAstronomisk Katalog Mykje brukte astronomiske katalogarAstronomisk Katalog Sjå ògAstronomisk Katalog KjelderAstronomisk Katalog BakgrunnsstoffAstronomisk KatalogAstronomiske objekt

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

TorpoBlyantkvessarRepublikkTommeArménioByar i HellasImathíaTysdagMakedonsk språkJonsokMark KnopflerNordahl Griegs vegNynorsk WikipediaLatviaJohannespasjonen av BachFilmserien OlsenbandenPanamakanalenTehrik-i-Taliban PakistanVériaNederlandAlfons XIIIDen industrielle revolusjonenEndurance-ekspedisjonenÆrfuglKristopher SchauGoogle Maps1993Matt McGinnArena BirminghamThe BeatlesNormandieSaint-DizierDet nederlandske kvinnelandslaget i fotballMcDonald’sKnut den mektigeAmitav GhoshEncyclopædia BritannicaLuminansDraco MalfangØrnSt. PetersburgVulvaLinn UllmannStoplesteinaneEdvard VII av StorbritanniaAlmopíaHandball-VM 2015 for mennLimpopoNorskehavetSlaget ved RossbachRadka ToneffNasjonalplantar9. juniShetlandsøyaneIt Doesn't Matter AnymoreShaanxiStilarkDet Bergenske DampskibsselskabKyivTreriksrøysaBuddhismenSkjæltorsdagSigmaNasjonaldrikkVierfamilienShine av Natália KellyBuddy HollyFrøElg i solnedgangFolégandrosBrighton Rock av Queen27-årsklubbenElvis PresleyHotel Union ØyeNordahl GriegAtenIndonesia🡆 More