Alkyone (η Tau, η Tauri, Eta Tauri) er eit stjernesystem i stjernebiletet Tyren.
Ho er den klåraste stjerna i Pleiadane, som er ei ung open stjernehop, mindre enn 50 millionar år gammal. Alkyone ligg kring 400 lysår frå jorda.
Observasjonsdata Epoke J2000 Ekvinoks J2000 | |
---|---|
Stjernebilete | Tyren |
Rektascensjon | 03h 47m 29.077s |
Deklinasjon | 24° 06′ 18.49″ |
Tilsynelatande storleiksklasse (V) | 2.873 |
Karakteristikk | |
Spektralklasse | B7IIIe |
U−B fargeindeks | -0.35 |
B−V fargeindeks | -0.09 |
Variabel type | kanskje |
Astrometri | |
Eigarørsle (μ) | RA: 19.34 ± 0.39 mas/år Dek.: -43.67 ± 0.33 mas/år |
Parallakse (π) | 8.09 ± 0.42 mas |
Avstand | 400 ± 20 ly (124 ± 6 pc) |
Absolutt storleiksklasse (MV) | -2.39 |
Detaljar | |
Masse | 6 M☉ |
Radius | 8.2 R☉ |
Luminositet | 2 400 L☉ |
Overflategravitasjon (log g) | 3.5 cgs |
Temperatur | 12 753 ± 147 K |
Rotasjon | 215 km/s |
Andre namn | |
η Tau, 25 Tau, HR 1165, HD 23630, BD+23 541, FK5 139, HIP 17702, SAO 76199, GC 4541, BDS 1875, CCDM 03474+2407 | |
Databasereferanse | |
SIMBAD | data |
Hovudstjerna, Alkyone A, er ei blåkvit kjempe klasse B som liknar på mange andre klasse B-stjerner i Pleiadane. Ho har ein tilsynelatande storleik på +2,87 (absolutt storleiksklasse = −2,39), og ein radius som er neten 10 gonger så stor som sola. Temperaturen er kring 13 000 K som gjev ein luminositet som er 2400 gonger lysstyrken til sola
Alkyone er ei formørkande dobbelstjerne, og dei to stjernene har ein avstand på 0,031 bogesekund, eller omtrent avstanden frå sola til Jupiter.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Alkyone, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.