Wiki Nynorsk 2023: Hovudside
NNWiki Tiếng ViệtWiki English

Alicante

From Wikipedia, the free encyclopedia

Alicante
Utsyn over Alicante
Utsyn over Alicante
Flagget til AlicanteByvåpenet til Alicante
Flagget til AlicanteByvåpenet til Alicante


Plassering
Alicante is located in
Styresmakter
LandFlag of Spain.svg Spania
Autonom regionValencia
ProvinsAlicante
Grunnlagd324 fvt.
BorgarmeisterLuis Barcala
Geografi
Flatevidd
 - By

201,27 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)
   - folketettleik

331 750
  1 648,3 /km²
Koordinatar38°20′″N 0°29′″W 0°29′″W
Høgd over havet3 moh
Diverse annan informasjon
Postnummer03000-03016
Telefon-retningsnummer96
Nettstad: www.alicante.es


Alicante (katalansk-valensiansk Alacant, spansk Alicante) er ein by i Spania. Byen er provinshovudstad i provinsen Alicante i den sørlege delen av Valencia ved Middelhavet. Alicante er ein viktig hamneby. Folketalet i Alicante by er kring 330 000 og i storbyområdet, Stor-Alicante, bur det kring 750 000 innbyggjarar. Alicante er dermed det åttande største byområdet i Spania.

Alicante er ein av dei raskast veksande byane i Spania. Økonomien er hovudsakleg basert på turisme og produksjon av vin. I tillegg til vin eksporterer byen òg olivenolje og frukt. Industrien i Alicante produserer mellom anna næringsmiddel, lêr, tekstilar og keramikk.

Byen er hovudsete for kontoret for harmonisering den indre marknaden i EU (Harmonisation in the Internal Market, (OHIM).

Historie

Alicante vart grunnlagd i 324 f.Kr. av dei gamle grekarane, som kalla byen Akra Leuke. I 201 f.Kr. vart byen erobra av romarane som kalla byen Lucentum. Hannibal skal ha lossa sine vidgjetne elefantar her. Mellom 718 og 1249 var byen styrt av maurarane. Byen vart gjenerobra i 1247, og inngjekk då i kongeriket Castilla, frå 1305 i kongeriket Aragón.


Galleri

Bakgrunnsstoff

  Commons har multimedium som gjeld: Alicante

Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 3.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
This article uses material from the Wikipedia article Alicante, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply. (view authors).