Olivenolje

Olivenolje er ei vegetabilsk matolje som vert vunne ut av oliven.

Olja er som oftast lys gul av farge, men kan også ha eit grønskjær på grunn av klorofyllinnhald. Ho er ei ikkje-tørrande olje som hovudsakleg inneheld glyserolester av oljesyre, olein (80–85 %), i tillegg til palmitin-, arachidin- og linolsyre.

Olivenolje
Olivenolje med oliven på ein tallerk.
Olivenolje
Grønfarga olivenolje til å dyppa brød i.

Olja vert laga ved å knusa oliven til ein pasta av olivenkjøt og kjernar. Denne vert lagt på matter, som vert pressa før olivenolja vert ekstrahert (skild frå vatnet) i ein sentrifuge.

Den beste kvaliteten av olivenolje blir laga gjennom kaldpressing av oliven. Denne olja er kjend som «jomfruolje», «vierge» eller extra virgin. Olja må ikkje vera varmebehandla, innehalda mindre enn 1 % syre, og farge, smak og aroma må vera av beste sort. Ein kan vinna ut meir olje, men av dårlegare kvalitet, gjennom sterkare utpressing og ved ekstraksjon.

Den beste olivenolja er blant dei dyraste planteoljene og blir brukt som næringsmiddel (til dømes som matolje, hermetikkolje og salatolje) og i medisinen. Olje av dårlegare kvalitet kan mellom anna brukast til å laga såpe.

Olivenoljer bør oppbevarast ved 14-18 grader, utan tilgang til lys, lukt og fukt.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Olivenolje  Commons har multimedium som gjeld: Olivenolje
Olivenolje  Denne matartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.

Tags:

EsterGlyserolKlorofyllMatoljeOlivenVegetabilsk olje

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Edward MordrakeBokfinkMari MaurstadMogopBirger EriksenHosangerSionistErik AndersenBahaiRSSFransk geografiDie Gedanken sind freiChristianiaFaryngittPresident i FinlandGullparakittBoom Boom av EmmyIvar AasenBergenKommunikasjonssatellittGaysirPiOla Honningdal GryttenKirunaMistralvindBieUtrikesdepartementetSkjold-klassePetter WavoldEdelgranslektaBiologisk familieMarco PoloMusvåkCoahuilaGresk historiePlantarMarikken16. maiLemmingPandaDamplokomotivBerlinblokadenUkrainaSlaget ved SvolderPieríaRundeFlatbrødSognefjordenBlåmannVardøgerNorske militære gradarFresnelsonePoAlexander pawaEselInkarikets fallDer ingen skulle tru at nokon kunne buBernEjínioOslolosenNitrogenTønsberg kommuneMichael JacksonTower of LondonHelioseismologiSosialistisk VenstrepartiDiktJarle TråGalileo GalileiLa LigaHenrik J. LisæthIkonostasOnamCalimaVisentSosialisme🡆 More