«O helga natt» (fransk originaltittel «Minuit, Chrétiens») er ein kristen, opphavleg franskspråkleg, julesong frå 1800-talet.
Teksten blei skriven av Placide Cappeau og tonesett av Adolphe Adam. Han hadde premiere i 1847.
Teksten blei skriven av Placide Cappeau, ein vinhandlar og diktar frå Roquemaure i Gard sør i Frankrike. Han blei oppmoda til å skriva ein julesong av presten i heimbyen i samband med restaureringa av kyrkja der. Cappeau arbeidde på songen i nokre år, mellom anna under dei lange forretningsreisene sine med diligence til Paris. Songaren Emily Laurey tok versa til komponisten Adolphe Adam, som ho kjende frå tidlegare samarbeid. Han skreiv musikken på nokre dagar, og Laurey kunne framføra songen for første gong under midnattsmessa i Roquemaure den 24. desember 1847.
På fransk blei songen kalla 'Adams julesong' etter opphavsmannen Adolphe Adam, som òg er kjend for musikken til balletten Giselle. Komponisten omtalte sjølv songen som 'den religiøse Marseillaisen', la Marseillaise religieuse.
Songen blei svært populær i Frankrike, og blei framført både i kyrkjer og «på gatene, i salongane og på kafé-konsertar». Den kyrkjelege bruken av songen blei kritisert. Sjølv ønska forfattaren Placide Cappeau seinare å endra det første verset til å betre representera fritenkinga si, og i staden for å nemna Gud Fader og arvesynd, i staden vektleggja «dei gode nyhenda» og «kjærleiksloven».
I 1855 gav den amerikanske unitariske presten John Sullivan Dwight ut si engelske omsetjing som «O Holy Night».
Den svenske teksten byggjer på den engelske tittelen, men følgjer også originalen nokså tett. Det svenske 1. og 3. verset blei trykt i EFS-songboka Sionstoner i 1889. Seinare skreiv Augustin Kock svensk tekst til vers 2.
Songen er omsett til norsk som «Julesang» av signaturen «O.S.» og som «Kom julenatt» av Arve Sigvaldsen.
Songen vert ofte sungen solistisk. I Sverige er han ein klassikar på juleplater og blir gjerne brukt til å avslutta julekonsertar. Best kjend er versjonen sungen av Jussi Björling, som blir spelt kvart år på Sveriges Radio P3 og P4 som første song etter midnatt på julaftan.
Placide Cappeau sin «Cantique de Noël» | Bokstaveleg omsetjing til engelsk |
---|---|
|
|
Cappeau sitt alternative førstevers |
---|
Minuit, chrétiens, c’est l’heure solennelle, |
Omsetjing av John Sullivan Dwight |
---|
|
O helga natt
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article O helga natt, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.