Hanne Krogh: Norsk songar

Hanne Krogh Sundbø (fødd 24.

januar 1956) er ein norsk songar og tekstforfattar oppvaksen i Haugesund.

Hanne Krogh
Hanne Krogh: Debuten, Haustvise, Bobbysocks
Fødd24. januar 1956 (68 år)
FødestadOslo
OpphavNoreg
Aktiv1970–
Sjangerpop
Instrumentvokal
Verka somsongar, skodespelar, songtekstforfattar, plateartist
BornSverre Krogh Sundbø, Amalie Krogh Sundbø
PrisarSpellemannprisen i underholdning, Kongens fortenestmedalje i gull

Hanne Krogh er ein av dei mestseljande artistane i Noreg gjennom tidene, med over to millionar selte album i heimlandet. Ho spelte hovudrolla som Sonja i ein av dei mest sette norske filmane, Reisen til Julestjernen i 1976. Krogh har vunne fleire spellemannsprisar. I 1985 vann ho og Elisabeth Andreassen songkonkurransen Eurovision Song Contest med songen «La det swinge». Etter dette vart duoen utnemnd til Årets Peer Gynt, som Stortinget gjev til den som har fremja landet internasjonalt i størst grad.

Debuten

Krogh platedebuterte som 14-åring i 1970 med singlen «Lukk opp min dør», etter å ha prøvesunge for Arne Bendiksen. Året etter vann ho den norske Melodi Grand Prix-finalen med melodien «Lykken er», og representerte Noreg i den internasjonale finalen i Irland. Ho opptredde i TV-show i Tyskland og rundt om i Norden, og spelte inn «Lykken er» både på norsk, svensk og tysk. Etter fleire plateutgjevingar valde ho å trekkje seg bort frå platebransjen nokre år, og ho søkte seg inn på Nissen gymnas der ho tok skodespelarutdanning. Dette førte til hovudrollene i spelefilmane Crash og ikkje minst klassikaren Reisen til Julestjernen der ho spelte Sonja. Filmen blir enno sett opp på norske kinoar kvart år ved joletider.

Haustvise

I 1978 vart ho lokka tilbake til platestudioet, og gav ut LP-en sin, Hanne Krogh, same året. Året etter vart ho spurt om å gjere ein norsk versjon av den finske songen «Höstvisa» av Erno Tauro som ho omsette til norsk. Denne fekk eit utruleg godt mottak, med topp-plassering på Norsktoppen og han vart den mest ynskte songen i radioprogrammet Ønskekonserten. Dermed var comebacket eit faktum og dei påfølgjande åra spelte ho inn fleire LP-plater som alle vart heidra med sylv- og gullplate-trofé. I 1984 samla ho sine personlege jolefavorittar som ho gav ut på LP-en Julens vakreste. Han har sidan utgjevinga selt 350 000 eksemplar og er enno i handelen.

Bobbysocks

I 1984 tok ho kontakt med norsk/svenske Elisabeth Andreassen og saman danna dei duoen Bobbysocks. Dei gav ut den første LP-en sin same året, som bestod av swing-låtar med harmonisong, og dessutan fleire pop-låtar skrivne av m.a Rolf Løvland. I 1985 vart Løvland invitert av NRK til å skrive eit bidrag til årets norske Melodi Grand Prix og han skreiv «La det swinge» til Bobbysocks som både vann den norske finalen og Eurovision Song Contest 1985 som vart halde i Göteborg.

I Noreg var det ein svært populær siger; det var fyrste gongen ein norsk artist vann konkurransen og den påfølgjande jubelturnéen i Noreg sette 34 publikumsrekordar og nærare 50 000 menneske møtte fram i Nygårdsparken i Bergen. Jentene turnerte i 16 ulike land, selde fleire millionar plater og var nummer éin på hitlistene i åtte ulike land.

Hanne solo

I 1988 takka Bobbysocks for seg med ein LP innspelt i Los Angeles og Hanne gjekk så i studio med Bjørn Eidsvåg og Håkon Iversen som produsentar. Resultatet vart ein litt meir lavmælt plate som fekk namnet Hanne. Plata vart kritikarrost og inneheldt songar som Det er tent et lys, Gi meg ikke din styrke og Vakker når du sover.

Just 4 Fun

Tidleg på 90-talet vart ho med i kvartetten Just 4 Fun saman med Eiríkur Hauksson, Marianne Antonsen og Jan Groth. Gruppa spelte 60-talsmusikk og gav ut LP-en Ren 60. Resultatet vart 30 veker på hitlistene, og eit sal på over 50 000 eksemplar. I 1991 representerte dei Noreg i Melodi Grand Prix med låten Mrs. Thompson skriven av Dag Kolsrud.

Ta meg til havet

I 1992 spelte Hanne Krogh inn live-plata Ta meg til havet i heimbyen Haugesund. Plata inneheldt Hannes største klassikarar, og dessutan fleire nyskrivne låtar. Hanne debuterte her som komponist med låten Ikke gi deg jente som omhandla hennar eiga bestemor. Rolf Løvland bidrog med Jeg kan se en stjerne falle som fleire norske grupper har laga cover-innspeling av i ettertid. Plata fekk Spellemannprisen i 1993, og la grunnlaget for ein turné over heile landet.

Barneplater

Då Hanne Krogh vart mamma til Amalie i 1993, avgjorde ho seg for at ho ville spele inn Alf Prøysens viseskatt i ny tapping. Pete Knutsen arrangerte låtane, og plata Prøysens barnesanger selde over 100 000 og vart nominert til Spellemannprisen. Dette bana veg for fleire barneplater.

Tidleg på 1970-talet hadde forfattaren Thorbjørn Egner vald seg ut Hanne til å gestalte ulike skikkelsar når han skulle regissere musikk-eventyra sine for TV og plate. På slutten av 90-talet tok ho no for seg melodiane hans i Egners barnesanger som etter kvart kom til å selje over 50 000 CD-plater og kassettar. Sist ut i Hannes barnemusikk-serie var Sanger fra barnas skattkammer i 2002.

Vestavind

Hanne Krogh jobbar no meir og meir med tekstskriving, og då spesielt med temaet om Utvandringa til Amerika ved førre hundreårsskiftet. Ho er svært interessert i historiene og mytane mellom Irland, Noreg og Amerika, og i 1998 gav ho ut albumet Vestavind som handla om lengten mot vest. I åra etter har ho gjeve konsertar med fragment frå Vestavind, men ho jobbar no med å få klår ei større førestilling til hausten 2010.

Team Hanne

Våren 2009 samla Hanne eit 20 personar stort kor frå heimbyen Haugesund for å vere med i TV2-programmet Det store korslaget. «Team Hanne» vann heile konkurransen og dei feira sigeren m.a med ein jubelturné på vestlandet, framferder i USA og CD-utgjevinga Reis meg opp som kom i desember same året. Pengepremien på ein halv million kroner bidrog til å opprette Team Hanne Kulturfond som har som formål å stimulere unge kunstnarar til å utvikle ferdigheiter som kan bidra til å auke den kreative aktiviteten til regionen, oppfordre ungdom til å satse på talentet sitt og styrke den kunstneriske kompetansen på Haugalandet. Team Hanne Kulturfond deler i 2010 ut eit stipend på inntil 100 000,- kr til ein ung kunstnar som er under 23 år. Kandidaten må ha vist eit uvanleg talent innanfor si kunstgrein som kan vere musikk, dans, teater, litteratur, biletkunst, film og liknande.

Hannes jul

Heilt sidan slutten av 1980-talet har Krogh turnert landet rundt ved juletid med sine julekonsertar. Ho samarbeider med lokale kor på dei ulike konsertane som kvart år fyllar kyrkjene over heile landet.

Hanne Krogh gjev kvart år rundt 100 konsertar rundt om i landet.

Familie

Hanne Krogh er gift med journalisten Trygve Sundbø, og er mor til programleiaren Sverre Krogh Sundbø og skodespelaren Amalie Krogh Sundbø.

Prisar og utmerkingar

Diskografi

  • 1978: Hanne Krogh
  • 1980: Nærbilde
  • 1982: Alene
  • 1982: Nordens vakreste
  • 1983: Under samme sol
  • 1984: Julens vakreste
  • 1984/1985: Bobbysocks
  • 1986: Waiting for the Morning (Bobbysocks)
  • 1987: Walkin' on Air (Bobbysocks)
  • 1989: Hanne
  • 1990: Ren 60 (Just4Fun)
  • 1991: Those Were the Days (Just4Fun)
  • 1992: Ta meg til havet
  • 1994: 40 beste
  • 1995: Prøysens barnesanger
  • 1996: Julestjerner
  • 1997: Reisen til den levende parken
  • 1998: Vestavind
  • 1999: Egners barnesanger
  • 2000: God jul - Hannes beste julesanger
  • 2002: Sanger fra barnas skattkammer
  • 2002: Ved juletid
  • 2006: God jul - Hannes beste julesanger (nyutgjeving)
  • 2010: Let It Swing – The Best of Bobbysocks
  • 2011: Vår julekonsert (Hanne og Tre Tenorer)
  • 2012: Barnas nasjonalskatt
  • 2013: Ikke gi deg, jente

Kjelder

Tags:

Hanne Krogh DebutenHanne Krogh HaustviseHanne Krogh BobbysocksHanne Krogh Hanne soloHanne Krogh Just 4 FunHanne Krogh Ta meg til havetHanne Krogh BarneplaterHanne Krogh VestavindHanne Krogh Team HanneHanne Krogh Hannes julHanne Krogh FamilieHanne Krogh Prisar og utmerkingarHanne Krogh DiskografiHanne Krogh KjelderHanne Krogh195624. januarHaugesundNoreg

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Tilsynelatande storleiksklasseKokosmakronCountry24. aprilTatjana TomasjovaHarriet BackerMaiken Caspersen FallaLundefuglWehrmachtIrakisk geografiMenneskeanatomiTsjekkiaItaliensk salatPunktskriftJuleplantarFinnskogenKamferHavørnUnionsoppløysinga i 1905MS «Nordstjernen»IrakROBEKHolbækBrennverdiKeipLuster kommuneBon Iver, Bon IverDen gregorianske kalenderenFeyenoordManuela Di CentaDan Børge AkerøRaylee1055 TynkaLogogramLinda EideJonas LieCockerell PeninsulaWilhelm FilchnerBloggKinesiskPetter HugstedSavoykålSoldatNoregGulTorbjørn Røe IsaksenOperasjon muskedunderDen store ufredenSeladonWilhelm TellLagerthaDet tredje riketGraham NashSilje NordnesSkjorteBarry HayMunroRokadeArnøy kyrkjePentangleTenaza PeakAstrid TollefsenAdilsA Collection of Great Dance SongsNederlandStein EriksenMímir KristjánssonFacesMusculus latissimus dorsiVM i friidrett 1987Stand by MeESkjør astmaLonnie MackKarel LismontUnder My Thumb🡆 More