Øvre Stjørdal er ein tidlegare kommune i Nord-Trøndelag fylke.
Han bestod fram til 1. januar 1874 då kommunen blei delt i to: Hegra og Meråker kommunar.
Kommunen blei oppretta då Stjørdalen formannskapsdistrikt blei delt i Nedre og Øvre Stjørdal i 1850. Kommunen låg i Inntrøndelag, i søraustre enden av fylket, og grensa til Sverige i aust og Sør-Trøndelag, som då heitte Søndre Trondhjems amt, i sør.
Øvre Stjørdal er òg namnet på eit prestegjeld i Stjørdal prosti i Den norske kyrkja. Prestegjeldet femner same området som den gamle kommunen, det vil seie Hegra sokn i Stjørdal kommune og Meråker sokn som tilsvarar Meråker kommune.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Øvre Stjørdal, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.