Wasted Years

«Reach Out» (The Entire Population of Hackney cover) «Sheriff of Huddersfield»

Wasted Years
Singel av Iron Maiden
frå albumet Somewhere in Time
B-side

Utgjeve 6. september 1986
Innspelt 1986
Sjanger Heavy metal
Lengd 5:06
Selskap EMI
Komponist Adrian Smith
Tekstforfattar Adrian Smith
Låtskrivar(ar) Adrian Smith
Produsent
Iron Maiden-kronologi 
«Run to the Hills (live)»
(1985)
Wasted Years «Stranger in a Strange Land»
(1986)


«Wasted Years» er ein song av det engelske heavy metal-bandet Iron Maiden. Han var den fjortande singelen deira og den første frå albumet Somewhere in Time (1986). Dette er den einaste songen på albumet der dei ikkje nyttar nokon synthesizer. Songen vart gjeven ut i 1986 og var den første singelen deira som var skriven heilt av gitaristen Adrian Smith, som òg syng korvokal på songen. Han nådde 18. plassen på UK Singles Chart.

Oversikt

Songen handlar om heimlengsel og framandgjering, i tillegg til dei negative sidene ved den lange turneen bandet nettopp hadde hatt, som varte nesten eitt år, og personlege problem Smith og andre bandmedlemmar hadde på den tida. Samstundes indikerer refrenget at ein bør leggje problema bak seg og sjå framover. Arbeidstittelen på songen var «Golden Years».

Singelomslaget syner bandmaskoten Eddie som flyg i ein tidsmaskin. Ein kan berre sjå ein del av andletet til Eddie, reflektert i ein skjerm. I følgje kunstnaren Derek Riggs var dette fordi bandet ikkje ønskte å avsløre maskoten i cyborg-form før albumet kom ut nokre veker seinare. Som med plateomslaget til Somewhere in Time, er TARDIS frå BBC-serien Doctor Who med på omslaget.

Musikkvideoen til songen består av svartkvitbilete av bandet som spelar songen i eit studio i Frankfurt i Vest-Tyskland, blanda med forskjellige scener frå tidlgare videoar av bandet og klipp frå turnelivet under World Slavery-turneen.

«Wasted Years» finst i videospelet Rock Band.

B-sider

B-sida «Reach Out» vart sungen av Adrian Smith, med den faste songaren Bruce Dickinson på korvokal. Denne songen var tidlegare framført på konsertar av Nicko McBrain og Smith i sideprosjektet deira The Entire Population of Hackney.

Songen «Sheriff of Huddersfield» handlar om Iron Maiden-manageren Rod Smallwood og avgjersla hans om å flytte til Los Angeles og kjøpe eit hus i Hollywood Hills. Visstnok hadde han problem med å tilpasse seg livsstilen i LA og klaga ofte om dette til bandet. Smallwood kjende ikkje til songen før han kom ut på singel, sidan bandet heldt det skjult for han. Songen opnar med den talte linja «We're on a mission from Rod», ein parodi frå The Blues Brothers, «We're on a mission from God».

Konsertversjonar

«Wasted Years» er ein av tre songar frå Somewhere in Time som har blitt spelt på meir enn to konsertturnear, i lag med den andre singelen frå albumet «Stranger in a Strange Land» og «Heaven Can Wait». Han vart spelt på Somewhere On Tour, Seventh Tour of a Seventh Tour,, Real Live Tour (berre nokre få konsertar), The Ed Hunter Tour, Somewhere Back in Time World Tour. og Maiden England World Tour.

Janick Gers spelar soloen på Real Live Tour-turneen då Smith slutta i Iron Maiden i 1990. Han spelte òg alle Smith sine gitarparti på eit par konsertar under Ed Hunter Tour, medan Smith var borte. Sidan 1999 har Smith og Gers spelt introen i lag.

Innhald

    7"-singel
Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Wasted Years»Adrian Smith5:06
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Reach Out» (The Entire Population of Hackney cover)Dave Colwell3:25
    12"-singel
Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Wasted Years»Smith5:06
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Reach Out» (The Entire Population of Hackney cover)Colwell3:25
2.«Sheriff of Huddersfield»Iron Maiden3:35

Medverkande

Frå singelomslaget.

    Produksjon

Lister

Singel Liste (1986) Plassering Album
«Wasted Years» Irish Singles Chart 11 Somewhere in Time
UK Singles Chart 18
Singel Liste (1990) Plassering Album
«Wasted Years/ Stranger in a Strange Land» UK Albums Chart 9

Fotnotar

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Tags:

Wasted Years OversiktWasted Years B-siderWasted Years KonsertversjonarWasted Years InnhaldWasted Years MedverkandeWasted Years ListerWasted Years KjelderWasted Years BakgrunnsstoffWasted Years

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

AnimismeLagerthaMogopEgil ØstenstadVestlandetInnsjøar i SverigeNordahl Grieg videregående skoleShaanxiThe DoorsGrenadaAsbjørnsen og MoeSpanskSUVLandplantarPedro I av BrasilKristian VI av Danmark-NoregFolkerepublikken KinaMenneskeanatomiBuddhismenHåkjerringByen BremenMcDonald’sTsjekkoslovakiaRowan AtkinsonByar i NoregGeitetårnNéos MylótoposSandsøya i SandeReinfjordFolégandrosSamara oblastFranklin D. RooseveltHjortetakksaltHelena BrodtkorbGotlandNord-AmerikaBeltegrader i judoØystein SundeEllen NikolaysenVålerenga IshockeyKulturminneAtomvåpenKattWillie NelsonBarentshavetEndurance-ekspedisjonenSmuglingBravoPred da se razdeniKjersti BergesenDominicaPåskelam2024KurveChristianiaBurmesiskCosta RicaIslamAmazonaselvaLeningrad oblastLillebjørn NilsenGranada20. aprilElvdalskFaryngittElisabeth AndreassenSwahiliBetongRobbie WilliamsGet Lucky av Mark KnopflerIALA maritime bøyesystemLønnScrabbleLundefuglAmazon.comBrennverdiHolland🡆 More