Somewhere in Time er det sjette studioalbumet til det engelske heavy metal-bandet Iron Maiden, gjeve ut den 29.
Somewhere in Time Studioalbum av Iron Maiden | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 29. septemmber 1986 | |
Innspelt | 1986 i Compass Point Studios i Nassau på Bahamas og Wisseloord Studios i Hilversum i Nederland | |
Sjanger | Heavy metal | |
Lengd | 51:18 | |
Selskap | EMI Capitol (Nord-Amerika) | |
Produsent | Martin Birch | |
Iron Maiden-kronologi | ||
---|---|---|
Powerslave (1984) | Somewhere in Time | Seventh Son of a Seventh Son (1988) |
Singlar frå Somewhere in Time | ||
|
september 1986 på EMI i Europa og systerselskapet Capitol Records i Nord-Amerika. Albumet er oppfølgjaren til det særs populære albumparet Powerslave/Live After Death, og var det første albumet der dei nytta gitarsynthesizerar.
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | |
Collector's Guide to Heavy Metal | 7/10 |
Kerrang! | 5/5 |
Sputnikmusic | 4.5/5 |
Etter utgjevinga har albumet seld til platinaplate i USA for over ein million selde eksemplar.
Somewhere on Tour var namnet på turneen etter albumet.
Somewhere in Time er det første studioalbumet til bandet etter den omfattande World Slavery-turneen i 1984-1985, som var fysisk slitsam for bandet, og bestod av 187 konsertar i løpet av 331 dagar. Utmattinga etter turneen har fått skulda for at vokalisten Bruce Dickinson ikkje bidrog med songar på albumet og fekk sine ting avvist av resten av bandet. Dickinson hadde skrive fleire «akutisk-baserte» songar, og forklarte at «eg følte at me hadde kome opp med vårt Physical Graffiti eller Led Zeppelin IV ... me måtte nå eit nytt nivå eller så kom me til å stagnere og drive bort,» sjølv om bassisten og hovudlåtskrivaren Steve Harris sa «eg trudde han hadde mista det fullstendig. Han var truleg meir utbrend enn me andre på slutten av turneen.» På den andre sida er albumet kjend for dei gode songane til gitaristen Adrian Smith, som skreiv begge singlane på albumet: «Wasted Years» og «Stranger in a Strange Land». Den sistnemnte songen var den einaste på plata der dei ikkje nytta synthesizerar.
Etter World Slavery-turneen tok gruppa ein fire månader lang ferie, som Harris, Smith og gitaristen Dave Murray brukte til å eksperimentere med nytt utstyr. Resultatet markerte ei endring i stilen til Iron Maiden, sidan det vart første gongen dei brukte gitar-synthesizerar. På den neste utgjevinga deira, Seventh Son of a Seventh Son i 1988, vart effektane skapt av klaverinstrument. På grunn av ferien vart dette det første studioalbumet deira som ikkje kom ut eit år etter det førre. Bandet insisterte på at dei ønskte nok tid for å få det rett. Det var òg eit av dei dyraste albuma dei spelte inn, med bass og trommer spelte inn på Bahamas, gitarar og vokal i Nederland, medan miksinga fann stad i New York.
Sjølv om «rom og tid» er vanlege tema på dette albumet, med songar som «Wasted Years», «Caught Somewhere in Time», «Stranger in a Strange Land» og «Deja-Vu», tenkte aldri bandet at det skulle bli eit konseptalbum, og Harris sa, «Me gjekk garantert ikkje inn der og sa, 'Ok, la oss skrive mange songar om temaet tid.'» Dei fleste av songane på albumet forsvann frå konsertsetlistene til bandet kort tid etter den påfølgjande turneen, men «Wasted Years» og «Heaven Can Wait» har ofte blitt spelt sidan den gongen. Under «Heaven Can Wait» har dei ofte teke grupper av lokale fans og kjendisar opp på scenen for å syngje partiet i midten av songen.
Hyllestalbumet Maiden Heaven: A Tribute to Iron Maiden, gjeve ut av musikkmagasinet Kerrang! i 2008, inneheld to songar frå albumet: «Wasted Years» av DevilDriver og «Caught Somewhere in Time» av Madina Lake.
Plateomslaget for Somewhere in Time vart skapt av den faste kunstnaren til bandet, Derek Riggs, og syner ein cyborg-liknande Eddie i eit futuristisk Blade Runner-inspirert miljø. Som plateomslaget på Powerslave inneheld omslaget ei rekkje referansar til tidlegare Maiden-album og songar.
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Caught Somewhere in Time» | Steve Harris | 7:22 |
2. | «Wasted Years» | Adrian Smith | 5:06 |
3. | «Sea of Madness» | Smith | 5:42 |
4. | «Heaven Can Wait» | 7:24 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
5. | «The Loneliness of the Long Distance Runner» | 6:31 | |
6. | «Stranger in a Strange Land» | Smith | 5:43 |
7. | «Deja-Vu» | Dave Murray, Harris | 4:55 |
8. | «Alexander the Great» | 8:35 | |
Total lengd: | 51:18 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Reach Out» | Dave Colwell | 3:31 |
2. | «Juanita» (Opphavleg spelt av Marshall Fury) | Steve Barnacle, Derek O'Neil | 3:47 |
3. | «Sheriff of Huddersfield» (Basert på ein gammal Urchin-song kalla «Life in the City») | Harris, Bruce Dickinson, Smith, Murray, Nicko McBrain | 3:35 |
4. | «That Girl» (Opphavleg spelt av FM) | Andy Barnett, Pete Jupp, Merv Goldsworthy | 5:07 |
Henta frå plateomslaget.
Album
| Singlar
Fotnotar |
Region | Salstrofé | Salstal |
---|---|---|
Brasil (ABPD) | Gull | 100 000* |
Canada (Music Canada) | 2× Platina | 200 000^ |
Tyskland (BVMI) | Gull | 250 000^ |
Storbritannia (BPI) | Gull | 100 000^ |
USA (RIAA) | Platina | 1 000 000^ |
^salstala er basert på sertifiseringa aleine |
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Somewhere in Time av Iron Maiden, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.