Vika eller Viki (dansk Vigen, bokmål også Viken) er eit historisk namn på området kring Oslofjorden, av norrønt Vík eller Víkin.
Vikværing eller vikver – på norrønt i fleirtalsformene víkverir eller víkverjar – er namnet på ein innbyggjar i Vika. I vikingtida hadde danske kongar stor innflyting i Vika, og stundom låg området formelt under Danmark med ein norsk jarl, som Eirik Håkonsson Ladejarl.
I landskapet Vika låg dei fire fylka Ranrike, Vingulmork, Vestfold og Grenland, som breidde seg etter sjøsida frå Brunlanes i vest via Oslo til utløpet av Gautelva i Båhuslen.
For fleire ulike skildringar av Vika, sjå Vika i sagalitteraturen.
I nyare tid er Vika au ei nemning på eit område i Oslo by, ned mot Aker Brygge. Vika eller Pibervigen var ein uregulert forstad med preg av slum og prostitusjon før rådhuset i Oslo vart bygt og innvigt i 1950, og Vika vart sanert i samband med dette byggearbeidet og i tida etterpå.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Vika, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.