Vestalinne

Vestalinne (latin vestales, virgines vestales) var ein prest for gudinna Vesta i Roma i antikken.

Vestalinnene var unge kvinner som avla løfte om å vera kyske medan dei tente i Vesta-tempelet.

Vestalinne
Romersk statue av ei virgo vestalis maxima, vestalinne-leiaren.

Dei heldt den heilage elden på altaret brennande i tempelet på Forum Romanum. Gjekk elden ut, ville det varsla Roma sin undergang. Seks vestalinner tente i tempelet om gongen. I førstninga var dei berre to, seinare var dei fire. Dei budde i Atrium Vestœ ved sida av tempelet.

Vestalinne
Innviing av ei ny vestalinne. Måleri frå 1700-talet av Alessandro Marchesini.

Vestalinnene kom gjerne frå dei fremste familiane i Roma, og hadde ei høg stilling i samfunnet som prestinner. Dei byrja tenestetida si då dei var 6-10 år, og blei verande i tempelet i 30 år. Dei første 10 åra fekk dei opplæring som noviser, så blei dei prestinner. Når tenestetida var slutt, gjekk dei ut og kunne gifta seg. Dette verker det likevel å ha vore få som gjorde.

Pontifex maximus valde ut nye vestalinner gjennom loddtrekking. Han var den einaste mannen som kunne gå inn i tempelet, og hadde farsmynde over vestalinnene. Dersom ei vestalinne braut løftet om å vera kysk blei ho straffa ved å gravleggjast levande. Ei vestalinne kunne òg bli straffa for å la elden sløkka, ettersom dette ville seia at gudinna for årestaden hadde trekt tilbake vernet sitt av byen. Straffa for dette var slåing eller pisking, visstnok i mørkret gjennom eit forheng for å ikkje fornærma blygda til vestalinna.

Vestalinnekulten gjekk truleg tilbake i løpet av 300-talet. I 394 blei han avskaffa av keisar Theodosius I i kampen hans mot heidenskap i det no kristne Romarriket.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Tags:

Gudinna VestaPrestRoma i antikken

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Madman Across the WaterPárgaSamleieCanadaVassfuglarNasjonalrettEtnisk nasjonalismePeter ŠťastnýMount EverestSudanJacob Tullin ThamsStorfuglNicolette LarsonKommunikasjonssatellittPeter F. WolfHanumanCarles PuigdemontRonja Røverdatter27-årsklubbenRussiskDen raude plassenAtenPRISMInternettKarikaturVevdesignSvartehavetMLastebilJon FosseA Touch of ClassIngrid FiskaaThorleif HaugJuhani JärvinenSjanger24. aprilWattensAbdusamet YigitVangsgutaneLarge Binocular TelescopeKarriElektrostatisk generatorSkiflygingSnikkarDampmaskinWikimediaFredrik SkavlanNordfjordeidHerman WildenveySentral-TzoumérkaSaksofonHotel Union ØyeRagnar LodbrokGoFrozenAlenBuddhisttempelTarasåsenAnna Maria EhrenstrahlSteve PorcaroGolden Gate BridgeDyre VaaGyllen fallskjermSagaen om IsfolketLynni TreekremNikolaj DahlLufttrykkHepatitt C-virusNorsk ytre språkhistorieThesprotíaHannoverPeriferieininga Préveza🡆 More