Vadzim Dzevjatoŭski, eller Vadim Devjatovskij (fødd 20.
mars">20. mars 1977), er ein kviterussisk tidlegare sleggjekastar frå Novopolotsk som tok VM-sølv 2005, OL-bronse 2004 og EM-bronse.
Vadzim Dzevjatoŭski | |
Statsborgarskap | Belarus |
Fødd | 20. mars 1977 (47 år) Navapolatsk |
Idrett | friidrett, sleggjekast |
Tok del i |
Etter å ha vorte nummer fire i sleggjekasting ved Sommar-OL 2004, tok Dzevjatoŭski sølvmedaljen under verdsmeisterskapen i Helsinki året etter. I EM 2006 hamna Dzevjatoŭski på bronseplassen, 8 cm bakom sølvvinnar Olli-Pekka Karjalainen frå Finland. Vinnaren i Helsinki og under EM 2006, landsmannen Ivan Tsikhan, fekk elles annullert begge resultata etter at dopingprøvene frå 2004 vart testa på ny i 2012. Ved verdsmeisterskapen i Osaka i 2007 enda Dzevjatoŭski på fjerdeplassen, fattige 3 cm unna bronsen.
Under dei olympiske sommarleikane i Beijing vart kviterussarane Dzevjatoŭski og Tsikhan nummer 2 og nummer 3 i sleggjetevlinga. Etter leikane vart begge frådømde medaljane, men etter ein rettsprosess i 2010 tilkjende medaljane, grunngjeve med slurv i prøvetakinga.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Vadzim Dzevjatoŭski, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.