Sleggjekast er ei øving innan friidrett der målet er å hiva ei tung stålkule festa til ein stålvaiar med handtak i enden, lengst mogleg.
Utøverane gjev kula størst fart, og dermed kastlengde, ved først å rotera den 7,25 kg (4 kg for kvinner) tunge kula rundt hovodet fleire gonger medan dei står stilt, og deretter rotera saman med «sleggja» før dei slepp henne i fremre enden av kastsirkelen.
Sleggjekast har vore olympisk idrett frå 1900 for menn, men blei først godkjend som kvinneøving av IAAF i 1995.
Den gjeldende verdsrekorden for menn blei sett av Jurij Sedykh med eit kast på 86,74 m under EM i friidrett i Stuttgart i 1986. Kvinnerekorden har Tatjana Lysenko, som kasta 77,06 m i Moskva 15. juli 2005.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Sleggjekast, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.