Uigurisk

Uigurisk er eit tyrkisk språk som blir tala av uigurar.

Det blir tala av rundt 8,5 millionar menneske i Kina og 300 000 i Kasakhstan, i tillegg til fleire andre land. Dei fleste uigurar i Kina bur i den autonome regionen Xinjiang, der uigurisk er offisielt språk saman med kinesisk.

Uigurisk
ئۇيغۇرچە, Uyƣurqə, уйғурчә
Klassifisering Altaisk
 Tyrkisk
  Austtyrkisk
   Uigurisk
Bruk
Tala i Uigurisk Folkerepublikken Kina
Uigurisk Kasakhstan
Uigurisktalande i alt 7 601 000
Skriftsystem Det arabiske alfabetet og det kyrilliske alfabetet
Språkkodar
ISO 639-1 ug
ISO 639-2 uig
ISO 639-3 uig
Wiki på uigurisk

Som mange andre tyrkiske språk er uigurisk eit agglutinerande SOV-språk med vokalharmoni. Det deler ikkje substantiv inn i nominalklassar som kjønn. Særeige for uigurisk, særleg for nordlege dialaktar, er vokalreduksjon og omlyd.

Slektskap

Gammaluigurisk blei tala i uigur-rika i Xinjiang rundt 800–1000-talet. Dette språket er nesten identisk med gammaltyrkisk.

Moderne uigurisk høyrer til den austlege delen den uigurisk-tyrkiske språkgruppa, som også omfattar salarisk, vest-jugurisk og fleire mindre språk. Usbekisk utgjer den vestlege delen av språkgruppa. Ordforrådet i språket er sterkt påverka av kinesisk, russisk og arabisk, medan lydlæra er påverka av iranske og tokariske substrat.

Skriftspråk

Uigurisk 
Internettkafé i Khotan med uigurisk og kinesisk skilt.

Uigurisk blir i dag skrive med eit tilverka arabisk alfabet i Kina, men har tidlegare også vore skrive med latinske bokstavar. Ein gjekk over frå arabiske til latinske bokstavar i 1960, og tilbake igjen til eit tillempa arabisk alfabet i 1983. I Kasakhstan bruker ein kyrilliske bokstavar.

Dei eldste uiguriske tekstane går tilbake til 700-talet. Dei blei skrivne med det persiske sogdianalfabetet som etterkvart blei utvikla til det gamle uighuralfabetet. Eldre uigurisk litteratur er hovudsakleg buddhistisk.

Kjelder

    Fotnotar

Tags:

Folkerepublikken KinaKasakhstanTyrkiske språkUigurarXinjiang

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Floyd CramerSavoykålCelsiusAre KalvøFinsk fonologiBjørnJernWikinewsMoss kommuneKillingKaptein SabeltannAndre verdskrigenEuropaGeitetårnHenry FordMLahti-renna 1974EJanni KjærDet osmanske riketKoboltBolstadøyriAnne HoltSionistGmailJon FosseAust-TimorNorovirus1701Nord-IrlandEukaryotarBenito MussoliniUsbekistanPremier LeagueOlav V av NoregHeilage onsdagNikita KhrusjtsjovNasjonalplantarNils GaupBilbaoShetlandsøyaneSalmaneSvartedauenKommunevåpen i NoregPokljukaHarry PotterZákynthosErik AndersenMount EverestSilvestre y La Naranja2002Eric CarmenIndonesiaØystein SundeHeine T. BakkeidVestfold fylkeGöteborgNaturgjødselBloggFrankrikeSkjæltorsdagSinnataggenStrilelandetOdontologiMelhusHolmenkollrennet 1975Google MapsTuonela-svanaInnsjøar i SverigeMagnesiumSupermann🡆 More