Turid Birkeland (fødd 5.
november">5. november 1962 i Haugesund, død 24. desember 2015 i Oslo) var ein norsk politikar frå Arbeiderpartiet.
Turid Birkeland | |||
| |||
Fødd | 5. november 1962 Haugesund kommune | ||
---|---|---|---|
Død | 24. desember 2015 (53 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Arbeidarpartiet | ||
Yrke | politikar, journalist | ||
Utdanna ved | Bjerke videregående skole | ||
Alle verv |
|
Turid Birkeland var statsråd i Kulturdepartementet (kulturminister) i Thorbjørn Jagland si regjering frå 25. oktober 1996 til 17. oktober 1997.
I perioden 1986 til 1989 var Turid Birkeland fast møtande vararepresentant på Stortinget. Ho var leiar for AUF i åra 1989-1992. Ho var leiar for Ja-aksjonen for norsk EU-medlemskap i 1994.
Turid Birkeland skreiv bøker, og arbeidde for LO sitt kontor i Brüssel. Ho arbeidde elles mellom anna som kultursjef i NRK og programleiar i kulturavdelinga i NRK. Ho leia programmet «Silikonfri sone» på TVNorge, og var også programleiar på TV+ i 1995, i tillegg til verv som leiar for programrådet i P4. Ho var også leiar for Kammermusikkfestivalen i Risør.
Frå 2008 var Turid Birkeland seniorrådgjevar i Telenor.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Turid Birkeland, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.