Trond Johan Sollied (fødd 29.
april">29. april 1959) er ein norsk fotballtrenar og tidlegare -spelar frå Mo i Rana. Midtstopparen vann som spelar fem seriemeistertitlar med to ulike klubbar, Vålerenga og Rosenborg BK, i tida 1983-90, samt eitt noregsmeisterskap med Bodø/Glimt i 1993, då også som trenar. Elles som trenar leia han Rosenborg til seriegull i 1998, belgiske Club Brugge til tre meistertitlar i åra 2003-05, greske Olympiakos Pireus til dobbelsiger i 2006 og nederlandske SC Heerenveen til cuptriumf i 2009.
Trond Sollied | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 29. april 1959 (64 år) Mo i Rana |
Yrke | fotballspelar, fotballtrenar |
Sollied spelte på Mo IL fram til 1981, eit lag som hevda seg mellom dei beste i norsk 2. divisjon. Dei neste tre åra var han Vålerenga-spelar. Her tok han plass i midtforsvaret på det som må seiast å ha vore det aller beste fotballaget til Vålerenga. Saman med spelarar som Pål Jacobsen og Vidar Davidsen var han med og sikra laget seriegull i 1983 og 1984, medan det var tap mot Moss FK i NM-finalen 1983.
Perioden 1985-91 spelte Sollied på Rosenborg BK, der han dei to fyrste sesongane danna landets beste midtstopparpar saman med Rune Bratseth. Allereie i sin fyrste sesong i RBK vart han norsk seriemeister for tredje gong. Både i 1988 og 1990 vann han «the double» med laget, det er siger i både serie og cup (NM).
Både i 1992 og 1993 var Sollied spelande trenar i Bodø/Glimt. I sin fyrste sesong med Bodø-klubben rykte laget opp i eliteserien, i den andre sesongen vann det Noregsmeisterskapen i fotball.
Sollied spelte 15 kampar i midtforsvaret til det norske landslaget i tida 1985-87. Hans einaste landslagsmål kom i privatlandskampen Noreg-Wales på Brann stadion 5. juni 1985, ein kamp som enda med norsk siger 4-2.
Etter å ha vore sjefstrenar i Bodø/Glimt i fire sesongar frå 1993, vikarierte Sollied som trenar i Rosenborg i 1998-sesongen. I Nils Arne Eggen sitt friår leidde han klubben til seriegull og til cupfinale på Ullevaal stadion, der det etter ekstraomgangar enda med tap 1-3 mot Stabæk IF.
I 1999 tok han trenarjobben i belgiske AA Gent. Klubben gjorde det godt i serien, så eitt år seinare fekk han take styringa i storklubben Club Brugge. Åra 2003-05 vann klubben serien to gongar, og i det mellomliggjande året vart det siger i den nasjonale cupmeisterskapen. Han var så tilsett i greske Olympiakos i halvtanna år, og førte laget til dobbeltriumf i Hellas våren 2006. Sesongen 2007/08 leidde han AA Gent for andre gong. I den etterfylgjande sesongen leidde han SC Heerenveen til siger i den nederlandske fotballcupen.
Sidan 2010 har han utan suksess trent klubbar i Saudi-Arabia, Belgia og Tyrkia.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Trond Sollied, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.