Nils Arne Eggen: Norsk fotballtrenar

Nils Arne Eggen (17.

september">17. september 194119. januar 2022) var ein norsk fotballspelar og -trenar frå Orkdal i Sør-Trøndelag. Han var den fotballtrenaren i Noreg som har flest triumfar gjennom tidene, 21 i talet. Dessutan vann han tre seriegull og eit NM-gull spom spelar på 1960-talet. Eggen er særleg kjend som trenar for Rosenborg Ballklub i periodane 1971–1972, 1976–1982, 1988–1997, 1999–2002 og 2010.

Nils Arne Eggen

Nils Arne Eggen: Spelar, Trenar, Prisar og utmerkingar

Statsborgarskap Noreg
Fødd 17. september 1941
Orkdal kommune
Død

19. januar 2022 (80 år)
Orkdal kommune

Idrett fotball
Utmerkingar

Olavstatuetten, Sportsjournalistenes statuett, Sør-Trøndelag fylkes kulturpris, Solprisen, Kniksenprisen for årets trener, Årets Kniksen, Kniksens hederspris, Årets trønder, Idrettsgallaens hederspris, Trondheim bys hederspris, Norsk Fotballtrenerforenings hederstegn med diplom, NIVs Ærespris

Spelar

Eggen var i sine yngre år forsvarsspelar på Orkdal IL om sommaren og skihoppar om vinteren. Han var ein av dei betre junior-hopparane i Noreg, men frå 1960 melde han overgang til Rosenborg og satsa på fotball. Allereie i sin fyrste sesong var han med då det til dess umeritterte Trondheims-laget overraska og vart cupmeister etter 3-3 og 3-2 mot Odds Ballklubb frå Skien. I 1963 flytta han til Oslo og spelte på Vålerengen, der han var med på å vinne 1. divisjon i 1965. Året etter flytta han tilbake til Trondheim og hjelpte Rosenborg i 1966 til opprykk til 1. divisjon og til å vinne seriemeisterskapen i 1967 og på ny i 1969.

Eggen debuterte på landslaget då Sverige og Noreg 14. august 1963 spelte uavgjort 0-0 i Göteborg. Før 1967-sesongen fekk han ganske få kampar med det norske flagget på brystet, men var med på både det famøse 0-9-tapet for Polen i Stettin hausten 1963, og den sensasjonelle 3-0-sigeren over Jugoslavia, 16. juni 1965. I sine tre siste år som aktiv, 1967–1969, var han derimot ofte på plass på venstrebacken, hans vanlege posisjon i både landslag og klubblag. Eggen deltok i 29 landskampar, skåra aldri.

Han la opp som aktiv etter 1969-sesongen.

Trenar

Frå 1971 til 2010 var Eggen trenar for Rosenborg i seks ulik periodar av varierande varigheit. I sin fyrste sesong som trenar, saman med Tor Røste Fossen, vann laget både serien og cupen. Åra 1973-74 var han norsk ungdomslandslagstrenar, til Norges Fotballforbund hausten 1974 flytta han over til av verte landslagssjef, saman med Kjell Schou Andreassen. Etter at Noreg ikkje klarde å kvalifisere seg til VM i fotball 1978, slutta Eggen som landslagstrenar.

Etter å ha sikra Rosenborg opprykk frå 2. divisjon i 1978, trente Eggen klubben fram til 1982. I 1986 og 1987 var han trenar for Moss FK, som i hans andre sesong vann sitt einaste seriemeisterskap. Han gjekk deretter tilbake til Rosenborg, og leia klubben til seriegull i 1988, 1990 og alle sesongane 1992-97. Etter eit friår kom han tilbake og leia Rosenborg til fire nye seriegull, 1999–2002. I mai 2010 tok han atter over som Rosenborg-trenar og førte nok ein gong klubben til siger i toppdivisjonen. Frå 2012 har han vore trenar for Orkla FK.

Gjennom trenargjerninga si var Eggen ein engasjert eksponent for offensivt spel, særleg i Rosenborg. Han vart mykje av ein medieyndling ved sine mange postulat, som til dømes om «godfoten» og det «å gjere andre gode», i tillegg til uvanlege og frittalande pressekonferansar i høve meisterliga-kampar.

Prisar og utmerkingar

Eggen vart tildelt Olavsstatuetten i 1994. Han fekk Sportsjournalistenes statuett som årets idrettsnamn i 1999. I 2003 vart han utnemnd til riddar av St. Olavs Orden, og i 2015 «Årets Trysil-Knut».

Merittar

Spelar

  • Noregsmeister: 1960 med Rosenborg
  • Seriemeister: 1965 med Vålerengen IF
  • Seriemeister: 1967 og 1969 med Rosenborg

Trenar

  • Seriemeisterskap: 1971, 1988, 1990, 1992, 1993, 1994, 1995, 1996, 1997, 1999, 2000, 2001, 2002 og 2010 for Rosenborg
  • Noregsmeisterskap: 1971, 1988, 1990, 1992, 1995 og 1999 for Rosenborg
  • Seriemeisterskap: 1987 for Moss

Kjelder

Tags:

Nils Arne Eggen SpelarNils Arne Eggen TrenarNils Arne Eggen Prisar og utmerkingarNils Arne Eggen MerittarNils Arne Eggen KjelderNils Arne Eggen17. september19. januar19412022FotballOrkdalRosenborg BallklubSør-Trøndelag

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Marcus & MartinusVerkstadO helga nattMaiken Caspersen FallaVestlandetPortugisiskVisentVerktøyet filKolJan MayenSikhismenTyrkiaIsaac NewtonByar i HellasAnders AuklandHovudsideDet norske alfabetetNM i bryting 1974Tilsynelatande storleiksklasseZagorá-MourésiOrbitalNoregSagaen om IsfolketDen raude plassenAldous HuxleyArjithéaBokormKevlarSixteen TonsSvanesjøenMaud av NoregMusikkgruppa GåteClaus JervellOlivettiWienerklassisismenEiffeltårnetØKommuneJærenMarit BjørgenJomfru MariaKlanenEdderkoppar i kulturenYuan-dynastietEbba HultkvistNazismeGeitABBAKorrespondentBererakettMartha SkrettebergGonzález IslandKenth EldebrinkBalusterStomiAlf-Inge HålandC++Nordland fylkeNord-AmerikaJonas LieCristiano RonaldoNotfiskeCharlène av MonacoIolkósDødsstraffLímni PlastíraOsloSoltidHydrogencyanidSiderHellasSandnessjøen🡆 More