Trevor David Brooking (fødd 2.
oktober">2. oktober 1948) er ein engelsk tidlegare fotballspelar og idrettsleiar frå Barking. Han var ein offensiv midtbanespelar, aktiv for West Ham United i 17 samfulle sesongar. I tida 1974-82 deltok han i 47 av Englands landskampar.
Trevor Brooking | |
Statsborgarskap | Storbritannia |
Fødd | 2. oktober 1948 (75 år) Barking |
Idrett | fotball |
Tok del i | |
Utmerkingar | kommandør i den britiske imperieorden, Knight Bachelor, medlem av Den britiske imperieordenen |
Brooking spelte for West Ham frå august 1967 til mai 1984. Laget utmerkte seg aldri i ligaen, men tok seg til finalen i FA-cupen 1975 som 2. divisjonslag. På Wembley stadion vart det siger 2–0 over divisjonskollega Fulham FC. Året etter møtte West Ham det belgiske laget RSC Anderlecht i finalen i cupvinnarcupen, ein kamp som enda med tap 2–4 for Brooking & co. Våren 1980 skåra han det einaste målet då West Ham slo Arsenal FC 1–0 i FA-cupfinalen. Den 1. april 1981 måtte han og lagkameratane tole tap i omkampen mot Liverpool FC i den engelske ligacupfinalen.
Brooking landslagsdebuterte 3. april 1974 i eit mållaust oppgjer mot Portugal. Han spelte to av kampane då England rauk ut or Fotball-EM 1980 i gruppespelet, skåra det fyrste målet då Spania vart slått med 2 mot 1. Under VM i fotball 1982 var han innbytar i kampen mot Spania, ein kamp som vart hans 47. og siste i landslagsdrakt. Brooking skåra til saman 5 landslagsmål.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Trevor Brooking, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.