The Sicilian Defence Studioalbum av The Alan Parsons Project | ||
Språk | inkje språkleg innhald | |
Utgjeve | 23. mars 2014 | |
Innspelt | 1979 | |
Sjanger | ||
Lengd | 39:52 | |
Selskap | Arista | |
Produsent | ||
The Alan Parsons Project-kronologi | ||
---|---|---|
Freudiana (1990) | The Sicilian Defence |
The Sicilian Defence er det tolvte studioalbumet til The Alan Parsons Project, gjeve ut i 2014. Det er kalla opp etter siciliansk forsvar, ei kjend sjakkopning.
Dette var det siste Alan Parsons Project-albumet som kom ut, 24 år etter bandet vart oppløyst. Det vart opphavleg spelt inn i 1979, men var ikkje meint for utgjeving. Bandet sendte det til selskapet sitt, Arista, som eit slags «sjakktrekk», sidan dei meinte dei ikkje fekk nok tid til å lage eit nytt album medan Eric Woolfson forhandla om kontrakten deira, men likevel var kontraktfesta til å levere eit nytt album. Albumet inneheld derfor mest uferdige skisser som aldri vart utarbeidd til ferdige songar. «Kt-KB3» var det første sporet som kom ut frå albumet, då «Elsie's Theme» var med på den ommastra utgåva av Eve i 2008. Det var derfor det einaste sporet på albumet som hadde eit formelt namn som ikkje var knytt til eit sjakktrekk. Titlane på spora følgjer ein særskild variant av denne sjakkopninga.
Alle spora komponerte av Eric Woolfson.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «P-K4» | 5:00 |
2. | «P-QB4» | 6:22 |
3. | «Kt-KB3» | 3:07 |
4. | «...Kt-QB3» | 1:15 |
5. | «P-Q4» | 3:54 |
6. | «P-P» | 3:27 |
7. | «Kt-P» | 4:01 |
8. | «Kt-B3» | 0:53 |
9. | «Kt-QB3» | 8:16 |
10. | «P-Q3» | 3:30 |
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article The Sicilian Defence, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.