The Man Who Sold The World: Album av David Bowie

The Man Who Sold the World
Studioalbum av David Bowie
Språk engelsk
Utgjeve 4. november 1970 (US)
April 1971 (UK)
Innspelt Trident og Advision Studios i London
18. april–22. mai 1970
Sjanger Folkrock, hardrock, heavy metal, glamrock, bluesrock
Lengd 40:37
Selskap Mercury
Produsent Tony Visconti
David Bowie-kronologi 
David Bowie
(1969)
The Man Who Sold the World Hunky Dory
(1971)

The Man Who Sold the World er det tredje studioalbumet til den britiske artisten David Bowie. Det kom først ut i USA på Mercury Records i november 1970 og Storbritannia i april 1971. Dette var det første Bowie-albumet som inneheldt kjernen i det som kom til å bli bandet «Spiders from Mars», som akkompagnerte Bowie på på den vidkjende plata The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars i 1972. Sjølv om enkelte meiner at karrieren til Bowie starta for fullt med plata David Bowie i 1969, hevda andre at det var med The Man Who Sold the World det verkeleg starta for Bowie. Det var eit stort steg bort frå den hovudsakleg akustiske musikken frå det andre albumet til Bowie, og The Man Who Sold the World er av enkelte rekna som eit hardrock- og heavy metal-album. Det har blitt hevda at dette albumet er påverka av glamrockovergangen til Marc Bolan tidlegare det året. Det har òg vorte hevda at albumet markerte starten på glamrock.

Produksjon og stil

Albumet vart skriven og innøvd heime hos Bowie i Haddon Hall i Beckenham, eit herskapshus frå tidleg på 1900-talet omgjort til fleire leilegheiter og ein som vitja Bowie der meinte stemninga var som i «stova til Dracula». Sidan Bowie var mykje oppteken med den nye kona si Angie på denne tida, vart musikken hovudsakleg arrangert av gitarist Mick Ronson og bassist/produsent Tony Visconti. Sjølv om Bowie offisielt er tilskriven som låtskrivar av all musikk på albumet, har biografar som Peter Dogett hevda det motsette og siterte Visconti som sa at songane vart skrivne av alle fire. «Me jamma i kjellaren, og Bowie sa berre om han likte dei eller ikkje.» Dogget sa vidare: «Bandet (stundom med Bowie på gitar, stundom utan han) spelte inn eit instrumentalspor, som kan eller ikkje ha vore basert på ein original Bowie-idé. Så, i siste augneblink, kom Bowie motvillig opp av sofaen, der han koste seg med kona, og skreiv tekst til musikken.»

Trass i at han hissa seg opp på at Bowie var for lite fokusert på innspelinga, meinte Visconti sidan at The Man Who Sold the World var det beste albumet hans med Bowie fram til Scary Monsters (and Super Creeps) i 1980. Bowie er sitert i eit intervju i 1998 der han sa «Eg protesterte kraftig på inntrykket om at eg ikkje skreiv songane på The Man Who Sold the World. Du treng berre å høyre på akkordskifta. Ingen skriv akkordendringar som det.»

«The Width of a Circle» og «The Supermen» eksisterte alt før innspelinga starta. Ralph Mace spelte ein Moog modular synthesizer han lånte av George Harrison. Mace var ein 40 år gammal konsertpianist som òg var sjef for den klassiske musikkavdelinga i Mercury Records.

Musikk og tekst

Mykje av albumet har ein heavy metal-stil som skil seg kraftig ut frå dei tidlegare albuma til Bowie, og vert i staden samanlikna med samtidige rockeband som Led Zeppelin og Black Sabbath.. Bowie sette derimot sitt eige preg på denne hardrock-musikken, mellom anna tittelsporet der han blanda inn latinske rytmar. Den tunge musikken på albumet passa temaa i songane, som inkluderte galskap («All the Madmen»), born med emne utover det foreldra forstår («After All»), massemord («Running Gun Blues»), allvitande datamaskinar («Saviour Machine») og H.P. Lovecraft-aktige gudar («The Supermen»). Fleire av songane på albumet skal òg vere påverka av personar som Aleister Crowley, Franz Kafka og Friedrich Nietzsche.

Plateomslag

Den opphavleg amerikanske utgåva av The Man Who Sold the World nytta ein teikneserieaktig teikning teikna av venen til Bowie, Michael J. Weller, med ein cowboy føre eit mentalsjukehus. Tittelen på dette omslaget, som òg opphavleg var meint å vere tittelen på plata, var Metrobolist, eit orspel på Fritz Lang sin Metropolis.

Det første britiske omslaget, der ein ser Bowie liggjande i det han kalla ein «manne-kjole», var ein tidleg indikasjon på interessa hans i å utnytte den androgyne utsjånaden hans. Kjolen var designa av den britiske motedesigneren Michael Fish, og Bowie nytta han òg i februar 1971 under den første turneen hans i USA, der han gjekk med kjolen under intervju trass i at amerikanarane ikkje visste om det britiske plateomslaget Det vert sagt at blandinga av «bleika, blonde lokkar, fallande nedover skuldrene», var inspirert av eit måleri av Dante Gabriel Rossetti. Den tyske utgåva frå 1971 hadde ein hybridskapning med vengjer med hovudet til Bowie og ei hand som kropp, klar til å knipse bort jorda. Utgåva som kom ut i resten av verda i 1972 på RCA Records nytta eit svartkvittbilete av Ziggy Stardust på omslaget. Slik vart det verande fram til 1990, då Rykodisc gav ut albumet med det originale britiske «kjole-omslaget». Dette omslaget vart òg nytta på den nymastra utgåva i 1999 på EMI.

Singlar

Ingen av songane vart på den tida gjeve ut på singlar, men «All the Madmen» vart gjeve ut i USA i 1971 for å marknadsføre albumet, og den same songen vart gjeve ut på singel i Aust-Europa i 1973, i tillegg til «The Width of a Circle». «Black Country Rock» vart gjeven ut som b-sida til «Holy Holy» i Storbritannia i januar 1971, kort tid før albumet kom ut her. Tittelsporet vart seinare ein hit for popsongerinna Lulu (produsert av Bowie og Ronson), og vart seinare spelt av mange andre band. Kanskje mest kjend av desse versjonane er Nirvana sin akustiske versjon frå 1993.

Utgjeving

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusicThe Man Who Sold The World: Produksjon og stil, Musikk og tekst, Plateomslag The Man Who Sold The World: Produksjon og stil, Musikk og tekst, Plateomslag The Man Who Sold The World: Produksjon og stil, Musikk og tekst, Plateomslag The Man Who Sold The World: Produksjon og stil, Musikk og tekst, Plateomslag The Man Who Sold The World: Produksjon og stil, Musikk og tekst, Plateomslag 
Chicago TribuneThe Man Who Sold The World: Produksjon og stil, Musikk og tekst, Plateomslag The Man Who Sold The World: Produksjon og stil, Musikk og tekst, Plateomslag The Man Who Sold The World: Produksjon og stil, Musikk og tekst, Plateomslag The Man Who Sold The World: Produksjon og stil, Musikk og tekst, Plateomslag 
Pitchfork Media8.5/10
QThe Man Who Sold The World: Produksjon og stil, Musikk og tekst, Plateomslag The Man Who Sold The World: Produksjon og stil, Musikk og tekst, Plateomslag The Man Who Sold The World: Produksjon og stil, Musikk og tekst, Plateomslag The Man Who Sold The World: Produksjon og stil, Musikk og tekst, Plateomslag The Man Who Sold The World: Produksjon og stil, Musikk og tekst, Plateomslag 
The Rolling Stone Album GuideThe Man Who Sold The World: Produksjon og stil, Musikk og tekst, Plateomslag The Man Who Sold The World: Produksjon og stil, Musikk og tekst, Plateomslag The Man Who Sold The World: Produksjon og stil, Musikk og tekst, Plateomslag The Man Who Sold The World: Produksjon og stil, Musikk og tekst, Plateomslag The Man Who Sold The World: Produksjon og stil, Musikk og tekst, Plateomslag 

The Man Who Sold the World gjorde det generelt noko betre i USA enn i Storbritannia i 1970-1971. Musikkmagasina Melody Maker og NME meinte det var høvesvis «overraskande glimrande» og «heller hysterisk». John Mendelsohn i Rolling Stone kalla det «einskapleg glimrande», og skreiv at bruken av ekko, faseeffektar og andre teknikkar på stemma ti Bowie var med på å forsterke ujamnheita i teksten og musikken til Bowie, som han tolka som «skrått og fragmenterte bilete som er nesten ugjennomtrengelege kvar for seg, men som i lag overfører ei ironisk og bitter kjensle av verda». Det selde ikkje godt nok til å prege listene i noko land då det kom ut, men nådde 26. plass i Storbritannia og 105. plass i USA då det kom ut på ny 25. november 1972 etter gjennombrotet til Bowie med The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars.

Albumet vert sagt å ha påverka goth rock, darkwave og science fiction-elementa i musikken til artistar som Siouxsie and the Banshees, The Cure, Gary Numan, John Foxx og Nine Inch Nails. I dagboka si, rangerte Kurt Cobain frå Nirvana albumet på 45. plass på lista si over dei 50 favorittalbuma hans. I 1993 spelte bandet hans inn tittelsporetMTV Unplugged in New York. Det har vorte hevda at glamrock starta då albumet kom ut, men denne æra vert oftare gjeven til Marc Bolan då han spelte på det britiske fjernsynsprogrammet Top of the Pops i desember 1970 ikledd glitter, og framførte det som vart den første britiske hitten hans under namnet T. Rex, «Ride a White Swan», som nådde 2. plass på lista.

I seinare tid har AllMusic-skribenten Stephen Thomas Erlewine omtalt The Man Who Sold the World som «byrjinga på den klassiske David Bowie-tida» og likte den «stramme, vrengde gitaren som verkar enkel på overflata, men som høyres meir knurrande ut for kvar gong ein lytter». Erlewine såg på musikken og Bowie sine «paranoide, futuristiske soger» som «bisarre» og la til at «musikalsk er det ikkje mykje nyskaping... det er nesten berre hard bluesrock og psykedelisk folkrock - men det er ein urovekkande brodd i framføringa til bandet, som gjer albumet til eit av dei beste av Bowie». Q kalla det «ein robust, seksuelt ladd sak», medan Mojo skreiv, «Ei robust samling som snurrar med svimlande disorientering … arsenalet til Bowie vart sett saman i all hast, men vart aldri sett ut i live på så spennande vis igjen».

Innhald

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«The Width of a Circle»8:05
2.«All the Madmen»5:38
3.«Black Country Rock»3:32
4.«After All»3:31
Side to
Nr.TittelLengd
5.«Running Gun Blues»3:11
6.«Saviour Machine»4:25
7.«She Shook Me Cold»4:13
8.«The Man Who Sold the World»3:55
9.«The Supermen»3:38

Andre utgåver

The Man Who Sold the World kom først på CD av RCA i 1984. Den tyske (for den europeiske marknaden) og japanske (for den amerikanske marknaden) masterlydbanda vart tekne frå forskjellige lydband og er ikkje identiske for kvar region.

Albumet kom ut att på Rykodisc (RCD 10132)/EMI (CDP 79 1837 2) den 30. januar 1990 med fire bonusspor, mellom anna ei nyinnspeling av «Holy Holy» frå 1971, feilaktig omtalt i plateomslaget som den originale singelversjonen frå 1970. Bowie la ned veto mot å ta med den tidlegare innspelinga, som sidan er blitt gjeven ut på plateboksen Five Years (1969–1973). Rykodisk gav seinare ut albumet i AU20-serien med 24-bit digital nymastra lyd. I 2015 kom albumet ut på ny med nymastra lyd igjen.

Bonusspor på 1990-utgåva

Nr.TittelLengd
10.«Lightning Frightening» (ikkje tidlegare gjeven ut)3:38
11.«Holy Holy» (nyinnspeling frå 1972 av singelen frå 1970)2:20
12.«Moonage Daydream» (Arnold Corns-versjon frå 1971)3:52
13.«Hang on to Yourself» (Arnold Corns-versjon frå 1971)2:51

Songar

The Width of a Circle

All the Madmen

Black Country Rock

«Black Country Rock» var arbeidstittelen på ein song Mick Ronson og Tony Visconti gav til eit riff dei hadde arbeidd med i studio. Bowie skreiv eit enkelt vers og eit refreng basert på tittelen. Då Bowie spelte inn vokalen valde han å parodiere venen og rivalen Marc Bolan, som var i ferd med å slå gjennom for fullt. Særleg liknar Bowie på Bolan i det siste refrenget og Visconti gjorde vokalsporet til Bowie tynnar ved hjelp av ein equalizer, slik at stemma vart enno meir lik Bolan si.

Songen består av fire gitarriff som motiv. Det første riffet går frå låge til høge strengar i E, det andre dukkar opp i introen til Ronson og tener så som motiv i verset. Riff 2 dukkar opp att på anna kvar takt, medan riff 1 knyter kvart 8-taktsvers i lag. Refrenget består av dei to andre riffa, der riff 3 kjem i slutten av den første linja, medan riff 4 avsluttar refrenget og strekkjer seg inn i ein 16-taktar lang solo.

Songen vart gjeven ut som B-side til singelen «Holy Holy» i 1971.

After All

Running Gun Blues

«Running Gun Blues» er ein satirisk song som handlar om ein tidlegare Vietnam-soldat som vert seriemordar. Bowie høyres sinnsforvirra ut i versa og trugande i refrenga, der han syng om å knuse hovuda på «gulingane».

Bowie byrjar med eit akustisk gitarriff i D-C-G som Mick Ronson sidan kjem inn på.

Angela Bowie, kona til Bowie, hugsar at han skreiv teksten til denne songen ein ettermiddag då han stadig vart avbroten for å gjere intervju, noko som går att i linjene «for I promote oblivion/and I’ll plug a few civilians».

Songen vart aldri spelt på konsertar av Bowie.

She Shook Me Cold

Bowie var ikkje til stades under delar av innspelinga av The Man Who Sold The World. Han var lukkeleg nygift og levde eit noko dekadent liv heime i Haddon Hall, og var oppteken med å sparke den langvarige manageren sin Ken Pitt og erstatte han med Tony Defries.

Bowie hadde kome med nokre tekstutdrag og akkordprogresjonar for songane, som han gav til Tony Visconti og Mick Ronson under øvingane til albumet i Haddon Hall, men han let Visconti og Ronson arrangere dei, spele dei fleste instrumenta, redigere og legge på fleire lydspor, og stundom til og med gje songane titlar (som «Black Country Rock»). Berre mot slutten, hovudsakleg under miksinga, møtte Bowie opp for å spele inn vokalen.

Særleg på «She Shook Me Cold» var Bowie gjesteartist på si eiga plate, sidan songen i røynda var skriven av Mick Ronson inspirert av dei mange powertrioane han likte så godt, som Cream, Jimi Hendrix Experience og Led Zeppelin (i hovudsak ein powertrio med ein ekstra vokalist), og songen vart slik Bowie si reise inn i heavy metal. Songen opnar med ei hyllest til Jimi Hendrix. Mellomspelet er dominert av bassen til Visconti, etterfølgd av ein 64 taktar lang, nesten to minuttar lang gitarsolo av Ronson.

Saviour Machine

«Saviour Machine» er ein høvessong, sidan datamaskinar som kontroller alle sider ved samfunnet og etter kvart svekkjer, erobrar og utryddar menneskeheita var eit dommedagsscenario i 1970.

Songen, som heiter ein «frelsarmaskin» på norsk, opnar med ein liberal amerikansk president Joe som blir vald fordi han skal installere eit datasystem kalla «The Prayer» (Bøna), som skal gjere slutt på krig og hungersnaud. Maskina klarar jobben utan problem, men han tykkjer perfeksjon er keisamt. Maskina tenkjer derfor på å innføre nye krigar og plager for gøy, og fordi han etter kvart foraktar menneska, straffar han dei som ein Gud frå Gamletestamentet.

«Saviour Machine» har fleire komplekse taktendringar. Songen har berre eitt vers, etterfølgd av fleire mellomspel og refreng. I mellomspela held Bowie lange tonar med ei mektig røyst. Ronson spelar ein solo etter kvart vokalparti. Den første og tredje soloen er begge 24 taktar lang og nyttar eit ordlaust refreng frå den gamle Bowie-songen «Ching-a-Ling». Melodien vert først spelt av gitaren til Ronson, og så av Moog synthesizeren til Ralph Mace. Den andre soloen til Ronson er ein dans mellom Am7 og D, medan den siste soloen i avslutninga vert stadig meir støyande og manisk etter kvart som han tonar ut.

Songen har generelt blitt gløymd og vart aldri spelt på konsertane til Bowie. Han vart covra av Redd Kross i 1980-åra og eit kristent gothband kalla seg opp etter songen.

The Man Who Sold the World

The Supermen

Andre songar frå 1970

Tired of My Life

«Tired of My Life» er ein song Bowie spelte inn som ein demo på denne tida. Ein er ikkje sikker på når han vart spelt inn, men biografen Nicholas Pegg meiner han vart spelt inn kring innspelinga av The Man Who Sold The World, kring mai 1970 heime hos Bowie i Haddon Hall. Songen er eit steg attende til visesongen frå Space Oddity, men no i ein meir Crosby, Stills & Nash-aktig stil, særleg på mellomspelet. Mick Ronson syng truleg harmonivokal.

Bowie let songen ligg i kring ti år, før han henta songen fram att. Han nytta om att eit par linjer og det meste av melodien for «It's No Game» på Scary Monsters (and Supercreeps) i 1980.

Holy Holy

Medverkande

Lister

År Liste Plassering
1972 UK Albums Chart 26
1973 Billboard 200 105
2016 UK Albums Chart 89

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Tags:

The Man Who Sold The World Produksjon og stilThe Man Who Sold The World Musikk og tekstThe Man Who Sold The World PlateomslagThe Man Who Sold The World SinglarThe Man Who Sold The World UtgjevingThe Man Who Sold The World InnhaldThe Man Who Sold The World Andre utgåverThe Man Who Sold The World SongarThe Man Who Sold The World MedverkandeThe Man Who Sold The World ListerThe Man Who Sold The World KjelderThe Man Who Sold The World BakgrunnsstoffThe Man Who Sold The World

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Linda EideKusymreYacouba Isaac ZidaThe DoorsYou av Robin StjernbergFotball-VM 1982Åndalsnes1450Helena Dam á NeystabøCarles PuigdemontJohn KasichMakedonskAserbajdsjanKirunaDraco MalfangGresk MakedoniaFareskiltSérresLeksikonNasjonalplantarJack SonniVasco da GamaBjarne BrøndboMartti AhtisaariØresundbruaLillebjørn NilsenHistoria AugustaRowan AtkinsonPåskeopprøret i 191620. aprilAmazon.comOrStrynefjelletPåskeøyaRomteleskopet HubbleRichard Francis BurtonMikhail GorbatsjovIdar LindDen sahrawiske arabiske demokratiske republikkenMakedonsk språkEkvatorBob MarleyNasjonaldagM.I.A.The Big BopperAlfons XIIIPåskeeggKnut den mektigeVladimir LeninKateríniPumaBølgjebrytingValdresKaptein SabeltannKristian ØdegårdIngmar BergmanTerry WilliamsFrankrikeIsraelPrositUngarnDire Straits av Dire StraitsSalhusSamuel WennbergPeter Wessel TordenskjoldTuaregskjoldetEnglandEinar Tambarskjelve1965MTula oblastSaint LuciaAli Baba og dei førti røvaraneVerdLuhansk oblastMuleselFridtjof NansenVéria🡆 More