Tallak Olsen Lindstøl (fødd 30.
januar">30. januar 1857 på Lindstøl i Søndeled, død 14. april 1925) var ein norsk lærar, bankmann, lensmann, statistikar, forfattar og stortingsrepresentant frå Venstre. Han var òg ordførar i Søndeled herredsstyre. Han var son av Ole Torjeson Lindstøl, som òg var stortingsrepresentant.Tallak Lindstøl er særleg kjend for sine stortingsbiografiar.
Tallak Lindstøl | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 30. januar 1857 Søndeled |
Død | |
Yrke | politikar, skribent |
Språk | norsk |
Politisk parti | Venstre |
Far | Ole Torjesen Lindstøl |
Tallak Lindstøl vart seminarist frå Holt seminar i 1877. Han var lærar åra 1877-81 og ved Risør folkeskule i 1883. Tida 1883-93 arbeidde han som kopist i Statistisk sentralbyrå. Frå 1893 var han kasserar i Søndeled Sparebank, frå 1900 også lensmann i Søndeled.
Han var medlem av heradsstyret i Søndeled frå 1896, dei fyrste fem åra var han ordførar. Lindstøl var stortingsmann for Venstre og Nedenes amt 1900-03 og for Holt krins 1910-15. I den fyrste valperioden var han medlem av vegkomiteen, 1910-12 av budsjettkomiteen, nestformann i same 1913-15. I siste valperioden var han også medlem av valkomiteen.
Lindstøl gav ut fleire arbeid bygt over statistisk materiale, mest kjende er hans oversikter over stortingsrepresentantane 1814-92 og 1814-1914. Elles skreiv han om fleire ulike historiske tilhøve.
Han døydde i Søndeled av «hjerneslag» i 1925.
Bibliografiliste iflg. Norsk samfunnsvitenskapelig datatjeneste
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Tallak Lindstøl, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.