Tagetes lucida er ein planteart i fløyelsblomslekta i korgplantefamilien.
Tagetes lucida | |
Tagetes lucida | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Overrekkje: | Landplantar Embryophyta |
Rekkje: | Karplantar Tracheophyta |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Korgplanteordenen Asterales |
Familie: | Korgplantefamilien Asteraceae |
Slekt: | Fløyelsblomslekta Tagetes |
Art: | T. lucida |
Vitskapleg namn | |
Tagetes lucida Cav. |
Den kjem opphavleg frå det sørlege Mexiko og Guatemala.
Arten har ikkje noko offisielt norsk namn, men blir kalla glanstagetes, tagetesestragon eller lakrisfløyelsblom.
Det er ein opprett, greina halvbusk som blir 45-75 cm høg. Blada er smalt lansettforma til avlange og skinande mellomgrøne. Kruste blad har ei søt duft av dragon og kan nyttast i salatar. Blomsterkorgene blir ca 1,5 cm breie og har 3-5 gullgule kantblomster. Arten blomstrar om sommaren og hausten. Klipper ein av visne blomster blir det heile tida danna nye.
Arten blir vanlegvis dyrka som eittårig i Skandinavia og toler ikkje frost. Han kan òg dyrkast i plantekasser og kan overvintre i svalt, men frostfritt miljø. Planta kan sjåast på som heilt frisk og til vanleg får den ingen sjukdommar. Planta krever ein solrik plass, men kan tolerere halvskugge. Den bør plantast på godt drenert jord og tole tørke godt når den er etablert. Arten kan dyrkast fram frå frø, men òg stamstiklingar og deling fungerer bra om ein har planter som har overvintra.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Tagetes lucida, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.