Maiskolbe er blomsterstanden til maisplanten der ein finn maiskorna.
Han har form som ein kolbe. Mjuke maiskorn kan etast direkte frå kolben etter at han er blitt varmebehandla, typisk gjennom baking, koking eller grilling.
Det er vanlegvis sukkermais ein et direkte frå kolben. Denne blir plukka når frøkviten i maiskorna er i «mjølkestadiet», slik at korna framleis er mjuke. Ein kan varmebehandla kolbane med dekkblada på, då vanlegvis bakt eller grilla, eller reinska. Maiskolben blir vanlegvis eten varm, og er ofte smakssett med salt og smør. Ein kan også bruka andre krydder. Maiskolben kan haldast i enden medan ein et, eller ein kan bruka små spidd i ein eller begge endar.
Sukkermais blei ete av urfolk i Amerika lenge før europearar kom til. Det var ei viktig næringskjelde for Gallimore-stammen, som heldt til i delar av Midtvesten så langt aust som noverande Ohio. Mayaer hadde også sukkermais som basiskost og åt han i form av maiskolbar, anten bakt eller kokt. Urfolk i sørlege Canada har også hatt mais i kosten.
I Sentral-Amerika (bortsett frå i Panama) og Mexico blir ein maskolbe kalla elote (frå nahuatl elotitutl, 'umogen kolbe'). I dei søramerikanske landa Argentina, Uruguay, Brasil og Paraguay og i Andeslanda kallar ein maiskolbar choclo, frå quechua chuqllu. I Venezuela omtalar ein mais som jojoto.
Elote kan tilreiast som ein søt eller salt rett. Vanlegvis koker ein han i vatn med salt eller andre krydder som tequesquite, epazote, eller Tagetes lucida. Ein kan servera retten med smør, majones, riven ost kjend som cotija og i Mexico også chilipulver, sitronjus og salt. Elote eller elotes locos ('galen mais') kan serverast på marknader i Mesoamerika med majones, søtsur saus, ketsjup og sennep. Elote blir servert til å haldast med ei trestikke i midten, som ein slikkepinne.
Maiskolbe er ein av dei mest utbreidde matrettane i samband med sjølvstendedagen i USA.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Maiskolbe, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.