Tag der Deutschen Einheit, 'dagen for tysk sameining', er nasjonaldag i Tyskland og blir feira den 3.
oktober">3. oktober, til minne om sameininga av Aust- og Vest-Tyskland på denne datoen i 1990.
Det kunne vore meir naturleg å legga feiringa til dagen Berlinmuren fall i 1989, den 9. november, som òg var datoen den første tyske republikken blei grunnlagd i 1918 og dagen kuppforsøket til Hitler blei avverja i 1923. Dessverre var 9. november òg dagen for Kristallnacht, dei første store nazist-leidde forfølgingane av jødar, i 1938. Derfor blei dagen då den formelle sameininga fann stad vald i staden.
Til forskjell frå til dømes den franske nasjonaldagen blir den tyske sameiningsdagen feira utan militærparadar.
Før sameininga feira Vest-Tyskland ein dag med same namn den 17. juni. Dette var ei noko propagandastyrt markering av eit austtysk opprør i 1953, hovudsakleg mot auka arbeidskvoter, som blei slått ned med sovjetisk hjelp. I Aust-Tyskland var nasjonaldagen den 7. oktober.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Tag der Deutschen Einheit, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.