Tix: Norsk artist, produsent og låtskrivar

Andreas Andresen Haukeland (fødd 12.

april">12. april 1993), betre kjend under artistnamnet TIX, er ein norsk artist, produsent og låtskrivar frå Bærum.

TIX
Tix: Bakgrunn, Diskografi, Kjelder
Fødd12. april 1993 (30 år)
FødestadBærum kommune
FødenamnAndreas Andresen Haukeland
AliasTIX
OpphavNoreg
Aktiv2013–
Sjangerelektronisk dansemusikk, festmusikk, pop, russemusikk
PlateselskapUniversal Music Group
Verka somsongar, låtskrivar, DJ producer, musikar
PrisarÅrets spellemann

Utover i 2010-åra gjorde han seg nemnd som produsent av kontroversielle russesongar, og i 2015 vart han landskjend for den svært omdiskuterte russelåten «Sjeiken». I 2018 gav han ut sin fyrste solosingel, «Shotgun», og sidan har han laga musikk med meir seriøse og personlege tema og tekstar. Sommaren 2019 toppa TIX VG-lista med den sjølvbiografiske låten «Jeg vil ikke leve». Han toppa VG-lista på nytt med «Kaller på deg» og «Karantene», og i 2020 var han den meststrøymande artisten i Noreg. TIX var ein av finalistane i Melodi Grand Prix 2021 og vann med låten «Ut av mørket».

Bakgrunn

TIX er kjend for sin fargerike og flamboyante stil med pelskåpe, solbriller og panneband påført med teksta «TIX». Artistnamnet kjem frå tourettes syndrom, som Haukeland har hatt sidan barndomen. Syndromet medfører ufrivillige rykkingar, såkalla «tics». Desse gjorde at han vart mobba på skulen, men han valde å ta eigarskap over «ticsa» ved å ta artistnamnet «TIX». TIX brukar solbriller for å skjula rykkingar med auga.

TIX vart landskjend i Noreg i 2015 med den kontroversielle russelåten «Sjeiken 2015». Songteksta vart gjenstand for debatt i fleire veker, medan TIX sjølv svarte på kritikken ved å leggje ut ein Snapchat-serie der han bada i pengar. I 2016 gav han ut sit fyrste og førebels einaste album, Dømt og berømt, som låg 79 veker på den offisielle norske albumlista.

I tillegg til russemusikken har TIX jobba som låtskrivar i Los Angeles, der han blant anna har skrive «Game Time» for Flo Rida og «Sweet But Psycho» for Avea Max. Sommaren 2017 var TIX oppvarmingsartist for Justin Bieber på Forus Travbane i Stavanger.

Etter fleire år med russelåtar og festmusikk, gav Haukeland i 2018 ut sin fyrste solosingel, «Shotgun». Sidan følgde fleire låtar med meir seriøse og personlege tekster, og i 2019 toppa han for fyrste gong VG-lista med den djupt personlege låten «Jegg vil ikke leve». Han har sidan følgd opp med ei rekkje personlege og tidsaktuelle låtar, blant anna «Når jeg er full», «Kaller på deg» og «Karantene». Han toppa VG-lista på ny med dei to sistnemnde. I takt med overgangen frå russelåtar til meir folkelege og personlege poplåtar, har han òg fått eit breiare publikum og meir heider frå musikkbransjen og pressa. I 2020 var TIX den meststrøymande artisten i Noreg. Han har òg vorte hylla for sin openheit rundt einsemd, depresjon og sjølvmordstankar.

TV-framsyningar

I 2019 deltok han i den ellevte sesongen av Paradise Hotel, og same år avslutta han VG-lista Topp-20-konserten på Rådhusplassen i Oslo. I 2020 var TIX dommar i Idol, og hausten same år opptredde han under P3 Gull, der han framførte låten «Tusen tårer» for fyrste gong.

I januar 2021 var han gjest i talkshowet LindmoNRK1, der han fortalde om sin einsemd, depresjon og sjølvmordforsøk. Der fortalde han at låten «Jeg vil ikke leve» var basert på røynslene frå den vanskelege perioden.

Melodi Grand Prix 2021

Vinteren 2021 deltok han i Melodi Grand Prix med låten «Ut av mørket» / «Fallen Angel», og vann den norske finalen laurdag 20. februar 2021.

Diskografi

Album

År Album Listeplassering
NOR
2016 Dømt og berømt 2

Singlar

Som soloartist eller hovudartist:

År Tittel Listeplassering
NOR
2018 «Shotgun» 5
«Håper nissen har råd» 5
2019 «Jeg vil ikke leve» 1
«Neste sommer» 3
«Når jeg er full» 14
«Brosjan Jesus» 20
«Jævlig» 3
2020 «Kaller på deg» 1
«Karantene» 1
«Skål» 2
«Deg eller ingenting» (med Morgan Sulele) 4
«Nå koser vi oss» 4
«Ikke han» (med Teddy)
«Jul i karantene» 10
«Tusen tårer» 6
2021 «Ut av mørket» 3
«BeautiFull»

Russelåtar

År Tittel Listeplassering
NOR
2015 «Sjeiken 2015» (med The Pøssy Project) 5
«Habbo Club 2015» (med The Pøssy Project) 22
2016 «Tronen 2016» (med The Pøssy Project) 24
«Ponyville 2016» (med The Pøssy Project) 17
«Hydra 2016» (med The Pøssy Project) 15
«Dory 2017» (med The Pøssy Project) 8
«Versace 2017» (med The Pøssy Project) 5
«Gullalderen 2017» (med The Pøssy Project) 33
2017 «Skammekroken 2017» (med The Pøssy Project) 25
«Hakkebakkeskogen 2017» (med The Pøssy Project) 32
«Ulovlig 2018» (med Moberg) 22
2018 «Nasjonen 2018» (med The Pøssy Project) 29
2020 «Dommedagen 2020» (med Soppgirobygget) 17

Som medartist

År Tittel Listeplassering
NOR
2020 «Igjen og igjen» (med El Papi) 1

Kjelder

Tags:

Tix BakgrunnTix DiskografiTix KjelderTix12. april1993Bærum kommuneLåtskrivarMusikkprodusent

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

ForeldingsfristKiritimatiKattSnømyrkreRundeMeranoBjørnBolstadøyriTransnistriaPåskeprosesjonIsraelRegionen MadridMount EverestFribyar for forfattarar og kulturarbeidararTuddal HøyfjellshotellCecilia Payne-GaposchkinMesopotamiaTre Små KinesereURLBokstaveringsalfabetNobelprisen i litteraturAlaskaØrsta kommuneSionismeKommunevåpen i NoregGeorg III av StorbritanniaFareskiltSjukehusSverigeNord-IrlandLe CorbusierPintFirkantfolketLangfredagsfjæreEiffeltårnetProtestantismeWikinewsRusslandHaakon Magnus av NoregEplemostAust-TimorElvis PresleyIngrid Alexandra av NoregNils GaupOpplettHovudsideElias Elffors ElfströmVakteleggGoogle MapsMuscatHenån1. juliAles stenarLæringsteorien konstruktivismeAntoinette de JongLyonHollandLeedsPHeidi PetersenSandsøyaVelkomstDeventerEdvard VII av StorbritanniaGrunnstoffliste etter namnÅl kommuneLeif ØstliSevillaTokyoTeknologi🡆 More