Musikkindustri

Musikkindustri eller musikkbransjen er personar og verksemder som skapar, forvaltar og tener penger på musikk og musikalske produkt.

Dette kan gå ut på å laga og produsera musikkstykke, konsertar og andre førestillingar, lyd- og videoinnspelingar, notar og liknande, og å organisera og promotera musikk og musikarar. Nokre deltakarar i bransjen er musikarar, komponistar, låtskrivarar, lydingeniørar, produsentar, studioteknikarar, diskjockeyar og talentspeidarar, i tillegg til verksemder som konsertlokale, musikkstudio, plateselskap, noteforlag, musikkforretningar og straumetenester.

Musikkindustri
Frå musikkforretningen Rough Trade i New York i 2014.

Historie

Musikkindustri 
Noteseljar i ein illustrasjon frå 1749.

Fram til 1700-talet blei formell komposisjon og trykking av musikk som regel utført med støtte frå rike aristokratar eller religiøse institusjonar. Frå midten av hundreåret byrja utøvarar og komponistar som Wolfgang Amadeus Mozart å sjå seg om etter kommersielle høve til å selja verka og opptredenane sine til eit breiare publikum. Etter at Mozart døydde fortsette enkja hans Constanze Weber å tena på musikken hans gjennom ei nyskapande kommersialisering som minnekonsertar, sal av manuskripta hans og eit samarbeid med den andre ektemannen sin, Georg Nissen, om ein Mozart-biografi.

På 1800-talet blei musikkbransjen dominert av notehefteutgjevingar. Før ein utvikla lydopptak-teknologi var den vanlegaste måten for musikkinteresserte å høyra nye songar, operaer og symfoniar å kjøpa notar - ofte arrangerte for piano eller små ensemble - og framføra verket heime saman med amatørmusikarar i omgangskrinsen sin. I andre helvta av hundreåret blei utgjevarane og låtskrivarane som dominerte amerikanske populærmusikk kalla Tin Pan Alley. Namnet viste til staden der mange av dei heldt til, West 28th Street mellom Fifth og Sixth Avenue på Manhattan.

På 1900-talet blei grammofonplater og radio stadig viktigare for å formidla musikk, og etterkvart tok plateindustrien over som det viktigaste produksjonsområdet innan musikkindistrien. Dette fortsette med nye musikklagringsmedium som kassettar og CD-ar.

Plateselskap tok gradvis over for noteforlag. I tidlege år var dei viktigaste selskapa mellom anna Columbia Records, Crystalate, Decca Records, Edison Bell, The Gramophone Company, Invicta, Kalliope, Pathé, Victor Talking Machine Company. Mange plateselskap forsvann eller blei kjøpte opp av andre, og på 1980-talet var det att seks store - «the big six» — EMI, CBS, BMG, PolyGram, WEA og MCA — som dominerte musikkindustrien. Sony kjøpte opp CBS Records i 1987 og endra namn til Sony Music i 1991. I 1998 slo PolyGram Music Group seg saman med MCA Music Entertainment og endra namn til Universal Music Group. Sony og BMG slo seg saman i 2004, og Universal tok kontroll over det meste av EMI sine musikkinspelingar i 2012. EMI Music Publishing har Sony som deleigar.

I det første tiåret av 2000-talet blei digitalt nedlasta og strøyma musikk meir populær enn fysiske opptak. Dete gav konsumentar rask og lett tilgang til eit vidare utval musikk enn nokon gong før, som dei kunne spela av på ulike maskinar. Samtidig brukte dei mindre pengar på musikkinnspelingar enn dei hadde gjort på 1990-talet. Inntekter frå sal av CD-ar, vinyl, kassettar og digitalt nedlasta musikk i verda fall fra 36,9 milliardar dollar i 2000 til 15,9 milliardar i 2010 Denne nedgangen i inntekt har ført til innskrenkingar av den tradisjonelle musikkindustrien med fysiske produkt og nedleggingar av mange musikkforretningar. Artistar, produsentar og føretak har leita etter nye forretningsmodellar.

Musikkindustrien gjekk først aggresivt ut mot ulovleg fildeling av digital musikk. I 2001 lukkast han i å stenga den populære musikkdelingstenesta Napster, og truga med søksmål mot tusenvis av individuelle fildelarar. Dette klarte ikkje å stoppa nedgangen i inntektene, og gav musikkindustrien eit dårleg omdøme. I 2003 blei lovleg digital nedlasting allment tilgjengeleg då Apple lanserte sin iTunes Store. Musikkdistribusjon over Internett har blitt stadig meir populært, og i 2011 blei det seld meir musikk digitalt enn i form av fysiske innspelingar.

Etter 2010 byrja nettbaserte tenester som Deezer, Pandora, Spotify og iTunes Radio å tilby abonnementstenester der ein kunna strøyma musikk frå ei stort samling. Desse tenestene skil seg frå kjøp av fysiske eller digitale kopiar ved at kunden ikkje eig ein song, men berre kan høyra på han så lenge dei er abonnent.

Kjelder

Tags:

KomponistLydingeniørLåtskrivarMusikarMusikkMusikkprodusentPlateselskap

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Odd-Bjørn HjelmesetSvanesjøenPetter DassUtviklinga av traktorenBobby Brown Goes DownRegjeringa Bondevik IIDen kalde krigenFjell i Nord-TrøndelagSanta Cruz de TenerifeProfessor emeritusKirkenærKorrespondentJon FosseKlassekampenJomfruSkýrosHydrogenDen sahrawiske arabiske demokratiske republikkenCowboy-LailaHlíðarfjallPannemerke i hinduismenAdies syndromVåttemperaturElvis PresleyHanamiJølster kommuneFønvindOle PausMike PinderRomandieMegan FoxVulkanar i ItaliaMagmatisk bergartErétriaOle Asbjørn Ness1900-taletWenche MyhreHovudsideFlåklypa Grand PrixErik AndersenAtle PettersenTanzaniaKvam heradSpore på hundNavreduksjonMacawiisElefantMoldedialektKV «Bison»NasjonaldrikkRussebussOperahuset i OsloStareWiki CommonsNynorskLibanonUkrainsk matOlivettiVårsøgGullBergen kommuneEliteserien i handball 1973/74/KvinnerMidsommarAprilDet indiske kastesystemetFilmserien Harry PotterTvărditsaDie WelleOmanMilanoWayback MachineTor Arne HetlandEuropeisk geografiSanfolk🡆 More