Sør-Fron er ein kommune i Innlandet fylke og ligg i Gudbrandsdalen om lag 70 kilometer nord for Lillehammer.
Han grensar til Nord-Fron kommune i nordvest, Folldal kommune i nord, Ringebu kommune i aust, og Gausdal kommune og Øystre Slidre kommune i sør.
Sør-Fron kommune | |||
kommune | |||
| |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Innlandet | ||
Adm.senter | Hundorp | ||
Areal | 742 km² | ||
- land | 716 km² | ||
- vatn | 26 km² | ||
Folketal | 3 119 (1. januar 2024) | ||
Målform | nøytral | ||
Ordførar | Ole Tvete Muriteigen (Sp) | ||
Kommunenr. | 3438 | ||
Sør-Fron kommune 61°34′08″N 9°55′24″E / 61.568888888889°N 9.9233333333333°E | |||
| |||
Wiki Commons: Sør-Fron | |||
Nettstad: www.sor-fron.kommune.no | |||
Dei viktigaste næringsvegane er landbruk, industri og turisme.
I perioden 1966–1977 var Sør-Fron og Nord-Fron kommune slegne saman til ein kommune, Fron kommune.
Kommunevåpenet til Sør-Fron er ei kølle til minne om den Kolbein sterke slo sund Torsfiguren til Dale-Gudbrand med under innføringa av kristendommen.
Peer Gynt-spelet blir arrangert kvart år på Gålå som ligg i kommunen.
Ein person frå Fron vert kalla frøning.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Sør-Fron kommune, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.