Szymon Jerzy Ziółkowski (fødd 1.
juli">1. juli 1976) er ein polsk sleggjekastar frå Poznań. Han vart olympiameister i sleggekast i 2000 og verdsmeister i 2001.
Szymon Ziółkowski | |
Statsborgarskap | Polen |
Fødd | 1. juli 1976 (47 år) Poznań |
Yrke | sleggekaster, friidrettsutøvar, politikar |
Språk | polsk |
Høgd | 192 centimeter |
Politisk parti | Platforma Obywatelska |
Szymon Ziółkowski på Commons |
Ziółkowski deltok i sitt fyrste sommar-OL i 1996 i Atlanta, der han kom på tiandeplass, medan han under OL 2000 i Sydney noko overraskande tok gullmedaljen i sleggekast.
Under VM 2001 sette han meisterskapsrekord med 83,38 m og vart verdsmeister. Etter eit par mislykka meisterskap, EM 2002 og OL 2004, kom han sterkt tilbake under VM 2005 i Helsingfors, der han kapra bronsemedaljen.
Etter nokre medaljelause meisterskap, kasta Ziółkowski nest lengst i sleggetevlinga under VM i friidrett 2009 i Berlin og vann sølvmedaljen. Tre år seinare tok han bronsemedaljen under europameisterskapen, og vart nummer sju under sommar-OL i London.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Szymon Ziółkowski, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.