Strofe

Strofe vert i lyrikken brukt om ei samling av vers som vert knytt ilag.

Ofte grupperar strofene seg i like eller tilnærma like mønster gjennom heile diktet. Om strofene vert gruppert systematisk og regelmessig slik, kallar vi diktet strofisk. Strofe vert også nytta nokså fritt om avsnitt eller om enkelte delar av dikt som er tilnærma like seg i mellom.

Døme på strofer:

    "Ord over grind" av Haldis Moren Vesaas


    Du går fram til mi inste grind,
    og eg går og fram til di.
    Innanfor den er kvar av oss einsam,
    og det skal vi alltid bli.


    Aldri trenge seg lenger fram,
    var lova som galdt oss to.
    anten vi møttest tidt eller sjeldan
    var møtet tillit og ro.


    Står du der ikkje ein dag eg kjem
    fell det meg lett å snu
    når eg har stått litt og sett mot huset
    og tenkt på at der bur du.


Utsnittet av dette diktet består av 3 strofer, og kvar av desse består så av 4 vers.

Tags:

Vers

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

AfrikaEuropiumLofotenOperahuset i OsloPolitiGrand CanyonPlaneten MarsPlaneten SaturnJaktaSoria Moria kinoJon AlmaasOphiocordyceps unilateralisStylídaLønnBrusselKolonialhandelNasjonaldyrDinosaurarPadleneSolgangsbrisAsker kommuneDag RiisnæsJim MorrisonOblatSkypeKongsberg SølvverkOlivia RodrigoGrunnstoffliste etter atomnummerKnut Marius DjupvikSluddAkselNorges herligsteIrakDen siste istidaNasjonaldraktJernGeijerSportsjournalistenes statuettDigital object identifierFthiótidaEl NiñoTanágraC++Store norske leksikonEto Ne LjubovProsaBenito MussoliniPeter Wessel TordenskjoldBanefartTorsdagGenèveSoppAda LovelaceNorsk ytre språkhistorieTutankhamonAfrikansk matSang til BergenLundefuglCubaDen indre kjernenApeSara Skjoldnes29. juniMette-Marit av NoregPlantarRøyslandBerlinblokadenSandnesGarnPlateésVevdesignBengt Fasteraune1955🡆 More