Storvassdammen er ein steinfyllingsdam i Bykle kommune.
Han har tetningskjerne av asfalt og demmer opp Storvatn-delen av Blåsjø mot søraust. Med eit volum på 9,7 mill. m³ er han den største fyllingsdammen i Noreg. Over damkrona er han 1,4 km lang, og på det høgaste er han 90 meter høg. Den største breidda i botn er på 300 meter. Dammen var opphavleg planlagd med tetningskjerne av morene, men grunna 40 kilometers avstand til førekomsten ved Sandsavatnet blei han erstatta med ein kjerne av asfaltbetong. Denne er skråstilt, og smalnar i breidde frå 80 cm i botn til 50 cm på toppen. Sør for dammen ligg Storsteinen turistforeningshytter i ein smal korridor mellom Blåsjø og Svartevatn.
59°18′04″N 06°56′17″E / 59.30111°N 6.93806°E
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Storvassdammen, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.