Stina Nordenstam: Svensk sanger

Kristina Ulrika «Stina» Nordenstam (fødd 4.

mars">4. mars 1969) er ein svensk songar, låtskrivar og musikar.

Stina Nordenstam
Fødd4. mars 1969 (55 år)
FødestadStockholm i Sverige
FødenamnKristina Ulrika Nordenstam
OpphavSverige
Aktiv1991–
SjangerAlternativ rock, folk, jazz
Instrumentvokal
PlateselskapEast West Records
Independiente
V2 Records
Verka somsongar, låtskrivar, musikkprodusent

Karriere

Nordenstam vart fødd i Stockholm. Som barn var ho påverka av samlinga til faren med klassisk musikk og jazz. Stemma hennar førte tidleg til at ho vart samanlikna med artistar som Rickie Lee Jones og Björk. Dei tidlege albuma hennar, Memories of a Colour og And She Closed Her Eyes var jazz-inspirerte med element av alternativ rock. Dynamite frå 1997 var starten på ein meir eksperimentell veg—og det meste albumet er fylt med forvrengde gitarar og uvanlege rytmar. Coveralbumet People Are Strange frå 1998, vart spelt inn på same vis. I 2001 gjekk ho over til ein meir pop-aktig stil på This Is Stina Nordenstam med gjestevokal frå Brett Anderson. The World Is Saved frå 2004, fortsette i same sporet, men med fleire innslag av jazz.

Som gjesteartist har ho samarbeidd med David Sylvian-bandet «Nine Horses», mellom anna på albumet Snow Borne Sorrow og Money for All-EPen. Ho song og med Vangelis på songen «Ask the Mountains» på Voices, og det same gjorde ho på «To the Sea» med Yello og eit samarbeid med Anton Fier. I 2000 song Nordenstam på ein song av det danske bandet Mew på albumet Half The World Is Watching Me.

Nordenstam er òg ein dyktig fotograf og har regissert musikkvideoar. Ho er kjend for å vere tilbaketrekt og gjev sjeldan intervju, og har ikkje halde konsertar sidan Memories of a Colour-turneen. Ho endrar utsjånaden ved hjelp av parykkar og sminke for plateomslag og magasin.

Diskografi

Album

  • Memories of a Colour (1991)
  • And She Closed Her Eyes (1994)
  • Dynamite (1996)
  • People Are Strange (1998)
  • This Is Stina Nordenstam (2001)
  • The World Is Saved (2004)

Solosinglar og EPar

  • «Memories of a Color» (1992)
  • «Another Story Girl» (1993)
  • «Little Star» (1994)
  • «Little Star» remixar (1994)
  • «Something Nice» (1994)
  • «Dynamite» (1997)
  • «Little Star» (1997), nyutgjeving etter at han vart nytta i Romeo + Juliet
  • «People Are Strange» (1998)
  • «Lori Glori» (2001)
  • «Sharon & Hope» (2002)
  • «Get On with Your Life» (2004)
  • «Parliament Square» (2005)

Samarbeid

  • «Walk» med Fleshquartet, Freddie Wadling (1993)
  • «The Photographer's Wife» EP med Anton Fier (1996)
  • «Ask the Mountains» med Vangelis (1997)
  • «To the Sea» med Yello (1997)
  • «Aberdeen» med Zbigniew Preisner (2000)
  • «Her Voice Is Beyond Her Years» med Mew (2000)
  • «Into the Wasteland» med Filur (2006)
  • «Wonderful World» med Nine Horses (2006)
  • «Birds Sing for Their Lives» med Nine Horses (2007)

Kjelder

Tags:

Stina Nordenstam KarriereStina Nordenstam DiskografiStina Nordenstam KjelderStina Nordenstam19694. marsLåtskrivarMusikarSongarSverige

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

LangfredagMickey RaphaelSvalbard globale frøkvelvWayback MachineEukaryotarSkypeNordfjordeidMjøsaLæringsteorien konstruktivismeURLVietnamVerdsarvSosiale mediumAmitav GhoshIndonesiaDet skeive tårnet i PisaÅl i HallingdalDen normanniske erobringa av EnglandMeranoO helga nattKommunismeIALA maritime bøyesystemLatinMesopotamiaFonetisk alfabetDen apostoliske truvedkjenningaNaruhito av JapanKaspihavetNord-IrlandNasjonalidrettarFlåklypa Grand PrixBrennverdiDjengis khanAlaskaOkhotskhavetHeidi LøkeWiktionaryHervør PálsdóttirSiamPlantarStratovulkanVictoria av StorbritanniaReinsvollElvdalskGrodagenRudolf BlodstrupmoenHalelause padderVaduzZákynthosMidsommarDet republikanske partiet i USAAlice CooperEmmanuel MacronEric CarmenLarvik kommuneNormandieFilmserien Harry PotterPeter ForsbergKnut den mektigeKleopatraNoregManchester CityUSAKalkulusHeine T. BakkeidLagerthaÅrstidKvadratrotEngelskAli Baba og dei førti røvaraneVoilà av Barbara PraviAsker kommuneMelhusLindisfarne klosterTrias🡆 More