Stearin (eller tristearin) er eit lukt- og smakfritt feittstoff som er fast ved romtemperatur.
Det er ein glyserolester av stearinsyre og har formel (C17H35COO)3C3H5. Smeltepunktet er 72 °C.
Ordet «stearin» kjem frå gresk stear som tyder «talg». Stearin er ein av dei viktigaste delane av fleire feittypar frå plantar og dyr, som talg og kakaofeitt.
Ein kan framstilla stearin ved katalytisk hydrogenering av oljer, eller av stearinsyre og glyserol med aluminiumoksid (Al2O3) til stades.
Stearin var tidlegare den vanlegaste komponenten i levande lys. Lys av rein stearin blir for sprøe, derfor blir moderne stearinlys som regel også tilsette fast parafin (parafinvoks). Lys av berre parafin blei for blaute. Stearin kan også brukast som feittkomponent i såpe.
Feittstoffet er framstilt frå levande organismar, for eksempel oljehaldige planteslag som palme, eller som eit biprodukt i kjøtproduksjon. Jo meir feitt det er i stearinen, desto fastare er konsistensen ved romtemperatur.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Stearin, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.