Sprengkraft er ein måte å måle den øydeleggande verknaden for sprengstoff på.
Ofte vert målet TNT-ekvivalent brukt. Dette tyder at ein samanliknar øydeleggingane av sprengstoffet med kor mykje TNT, ein må bruke for å oppnå den same skaden. Trykket målast i eininga bar eller millibar.
Berekna rekkevidde s - på ei sprenging med sprengkraftt M, forårsakar ein trykkskilnad P :
med: s = rekkevidde i meter; P = trykkskilnad i bar; M = TNT-masse-ekvivalent i kilo
10 tonn TNT forårsakar i ein radius på 100 meter ein trykkskilnad på 350 mbar. 1 kilo TNT forårsakar ein trykkskilnad på 280 mbar på 5 meter. Atombomba over Hiroshima i 1945, Little Boy, årsaka ei sprengkraft på 13000 tonn TNT. Den største bomba som er sprengd nokon gong, er Tsar-Bomba, hadde ei sprengkraft på 57 millionar tonn TNT.
Døme på eit typisk russisk stridshovud på 550 kilotonn:
Eldkule radius: 0.99 km (3.07 km²) - alt brenn eller smeltar
Trykkbølge 20 PSI: 1.78 km (9.99 km²) - alle bygningar fullstendig øydelagde
Strålingsradius (500 rem): 2.32 km (16.9 km²) - mellom 50 og 90% død av levande vesen
Trykkbølge 5 PSI: 3.75 km (44.2 km²) - flesteparten av vanlege bygg øydelagde
Varmestråling til 3. grads forbrenning: - 8.24 km (213 km²)
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Sprengkraft, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.