Spett

Spett - òg kalla jarnstaur - er ei jarnstong som vert brukt som reiskap for å laga hòl i jord og grus eller som vektstong når ein skal lirka ut stein som sit vanskeleg til.

Stonga er rund eller åttekanta og tynnast i enden ein held i. Ho vert firkanta og tjukkare mot nedre enden som endar i ein flat spiss.

Spett
Tre ulike spett.

Dreiemomenta er like store, men motsett retta, på kvar side av spettet. Langs heile spettet er det bøyekrefter som vert svakare med avstanden frå vippepunktet. Derfor er tjukna størst i den nedre delen og kan minke mot handtaket.

Spett
Bruk av spett til riving i Vika i Oslo.

Spett finst i fleire storleikar. Vanlegast er eit lite, ein meter langt som er lett å få med seg også i ulendt terreng, og eit større og tyngre for tyngre løft.

Arbeidsmåten for å stikke hòl, til dømes til hesjestaur, er å løfte spettet loddrett og kyle det ned i jorda så hardt ein orkar. Vert hòlet ikkje stort nok, rører ein spettet rundt, lyftar det opp og stikk ein gong eller fleire i same hòlet.

Som vektstong gjer spettet det mogleg å lirka og rikka på steinar som er fleire gonger tyngre enn ein kan lyfta.

Sjå òg

Kjelder

Tags:

BergartGrusJarnJordReiskapVektstong

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Den gregorianske kalenderenIrakAndre påskedagNobelprisen i litteraturGambiaYottagramByar i USA med meir enn 100 000 innbyggararKrøllalfaNord-KoreaTabloidVendlandCatherine av CambridgePontius PilatusRockFarSkirennaren Jo EggenSør-AmerikaMarie HøegDer ingen skulle tru at nokon kunne bu77Israel41Thorvald HellesenBerit KvævenRubiks kubeAngela MerkelPåskeMammutGrevlingPåskeeggWalesBodø kommuneNotbåtNintendoSvartehavetAfghanistanDet kyrilliske alfabetetFlisaTrojansk hestSpaniaHardingdialektNew ZealandNorske biland76RumpeldunkHageGolfBiologisk systematikkØrjeDen muslimske verdaFolkesuverenitetsprinsippetOmegleBautaOperasjon BarbarossaRolandskvadetLangfredag46Tuzla (fleirtyding)StortingetUrfolkEva Weel SkramAlaskaPippi LangstrømpeKultur i 1894Marokko1921TorremolinosSpesifikk varmekapasitetSoppJerusalemMikroklinCubakrisa55Rotneims-KnutLangeInnsjøar i Tyrkia🡆 More