Spansk Parti

I sjakk er spansk parti eller spansk opning ei sjakkopning som definert av trekka 1.e4 e5 2.Sf3 Sc6 3.Lb5.

    Denne artikkelen brukar algebraisk sjakknotasjon for å beskrive sjakktrekk.
Spansk Parti
Spansk Parti
a8 b8 c8 d8 e8 f8 g8 h8
a7 b7 c7 d7 e7 f7 g7 h7
a6 b6 c6 d6 e6 f6 g6 h6
a5 b5 c5 d5 e5 f5 g5 h5
a4 b4 c4 d4 e4 f4 g4 h4
a3 b3 c3 d3 e3 f3 g3 h3
a2 b2 c2 d2 e2 f2 g2 h2
a1 b1 c1 d1 e1 f1 g1 h1
Spansk Parti
Spansk Parti
Etter 1.e4 e5 2.Sf3 Sc6 3.Lb5

Opninga blir kalla spansk fordi dette var heimlandet til Ruy López de Segura, ein prest og sjakkteoretiker som i 1561 skreiv ei bok om sjakk, der mellom anna denne opninga blei omtala. Men han var ikkje først ute, opninga var omtala allereie i eit manuskript i 1490. I engelsktalande og spansktalande land blir opninga kalla rett og slett «Ruy Lopez». Spansk er den mest spelte av alle opningar som startar med 1.e4 e5.

Ein av ideane bak 3.Lb5 er at springaren som garderer bonden på e5 no er trua. Sjølv om kvit ikkje direkte truar 4.Lxc6 følgt av 5.Sxe5, fordi 5...Dd4 vinn tilbake bonden, så er dette noko svart er nøydd til å ta omsyn til. Elles er trekket 3.Lb5 generelt nyttig, det utviklar løparen og trekket førebur rokade.

Hovudvariantar

Svart sine vanlegaste forsvar er 3...a6 som tvingar kvit til å anten å trekke løparen til a4, som er det vanlegaste, eller bytte av på c6, avbytevarianten. Blant svart sine alternativ i tredje trekk er dei solide trekka 3...Sf6 (Berlinerforsvaret) og 3...d6 (Steinitz-forsvaret), og dei meir aggressive 3...f5 (Schliemann-forsvaret) og 3...Sd4 (Bird-forsvaret). Også 3...Lc5 og 3...Se7 blir prøvd av og til.

Etter det vanlege 3...a6 4.La4 finst det ein variant som blir kalla «den norske varianten» 4...b5 5.Lb3 Sa5. Langt vanlegare er 4...Sf6 5.0-0 og det er no tre hovudvariantar:

  • 5...Le7 er det vanlegaste og fører til «lukka spansk», som regel ei strategisk og posisjonell opning. Hovudvarianten her er 6.Te1 b5 7.Lb3 d6 8.c3 0-0 9.h3, ei grunnstilling for mange variantar - svart har fleire val her. Den eldste varianten, framleis populær, er 9...Sa5, Tsjigorin-varianten.
  • Her er ein viktig sidevariant: Viss svart i staden for 7...d6 spelar 7...0-0 og kvit spelar 8.c3 så kan svart ofre ein bonde med 8...d5. Dette blir kalla «Marshallangrepet», etter Frank Marshall. Bondeofferet gir svart eit kraftig kongeangrep, men kvit har gode moglegheiter for å forsvare seg og meirbonden - og så gir svart sitt løparpar gode moglegheiter til å halde remis i sluttspelet også med bonde under.
  • 5...Sxe4 blir kalla «open spansk». Sentrum blir opna ved at bøndene som stod der blir fjerna. Denne varianten er skarpare og meir taktisk enn lukka spansk. Den blir spelt sjeldnare, ikkje fordi den er rekna som dårlegare enn lukka spansk, men fordi svartspelarar som er ute etter slike stillingar gjerne spelar 1...c5, Siciliansk opning, i staden i første trekk.
  • 5...b5 blir kalla «Arkhangelsk-varianten» som også fører til skarpe stillingar der kvit har sjansen til å bygge eit stort bondesentrum som svart vil prøve å angripe.

Viss kvit ønskjer å unngå hovudvariantane i spansk, kan ein spele 5.De2 «Worrall-angrepet» som dekker e4-bonden igjen.

Tags:

SjakkSjakkopningSpania

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

VietnamHumleUngkarNorske militære gradarBislett-medaljenh5mjdBolsjevismeSara SkjoldnesCate BlanchettCristiano RonaldoE-nummerDet norske alfabetetBondelungeSur i OmanAfrikansk matHotel CaliforniaThespiésAristotelesSunnmøreApeEmma EllingsenPer PaustSøppelTommy RobinsonJenny KlingeAstrid LindgrenUSAEirik BrandsdalSuraj i OmanChancyMonosakkaridSpeleautomatRolf WiderøeSnøstjerneGenèveEtanolNasjonalrettHarrPadleneHanamiTanágraChristianiaTraktorHypoteseJordaMolde kommuneWikipediaJernHønefossMargrethe RøedMeterNorske passasjerar ombord på RMS «Titanic»Sør-SudanKnut Jørgen Røed ØdegaardVictoria av SverigeKvartsNihilismeKommunismeInternasjonal telefonkodeDet buddhistiske livshjuletToyota Motor CorporationKyle WalkerMidsommarFile Transfer ProtocolBoge i arkitekturenBanefartCarl Philip av SverigeBjørn Arild GramSagaen om IsfolketTalordUkrainsk matDet polske flaggetGarfieldFylkesveg 751Afghanistan🡆 More