Ein løpar er ei brikke i sjakk.
Kvar spelar startar sjakkpartiet med to løparar. I startoppstillinga står dei kvita løparane på felta c1 og f1, og dei svarte på c8 og f8.
Løparane vert gjerne omtala med namn som avspeglar kva felt dei kan gå på, svartfeltsløparen og kvitfeltsløparen.
Det er inga avgrensing for kor mange felt ein løpar kan flyttast i eitt trekk, men han kan ikkje hoppe over andre brikker.
Sidan rørslefridommen til løparen er avgrensa til 32 av brettet sine 64 felt, vert han rekna som svakare enn tårnet, som har tilgang til samtlege felt. På eit tomt brett herskar eit tårn alltid over fjorten felt, medan ein løpar berre herskar over sju til tretten, avhengig av kor nær sentrum den står. Ein reknar med at eit tårn er verdt om lag to bønder meir enn ein løpar. Løparane har om lag same styrke som springarane.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Sjakkbrikka løpar, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.