Sjkhara er eit fjell som ligg i Svaneti i Georgia og Kabardino-Balkaria i Russland.
Fjellet har ei høgd på 5 200 moh. og er det høgaste fjellet i Georgia. Sjkhara ligg 88 km nord for byen Kutaisi, den nest største byen i Georgia. Toppen ligg i sentrale delar av Store Kaukasus, søraust for Elbrus, det høgaste fjellet i Europa. Sjkhara er det tredje høgaste fjellet i Kaukasus, like bak Dykh-Tau.
Sjkhara | |||
fjell | |||
Land | Georgia, Russland | ||
---|---|---|---|
Fjellkjede | Store Kaukasus | ||
Høgd | 5 200 moh. | ||
Lettast tilkomst | Nordaustryggen, klatring på snø og is | ||
Førstestiging | U. Almer, J. Cockin og C. Roth | ||
- dato | 1888 | ||
Koordinatar | 42°59′58″N 43°06′42″E / 42.99944°N 43.11167°E | ||
Sjkhara 42°59′58″N 43°06′42″E / 42.999444444444°N 43.111666666667°E | |||
Wiki Commons: Shkhara | |||
Sjkhara er det høgaste punktet og den austlegaste delen av eit massiv kalla Bezingiveggen (eller Bezengi), ein 12 km lang rygg. Fjellet er ein stor og bratt topp dekt av isbrear. Nordveggen (på russisk side) er 1 500 meter høg og inneheld fleire vanskelege klatreruter. Den mindre toppen Sjkhara Vest, med ei høgd på 5 068 meter, er eit eige mål for fjellklatrarar, og å gå Bezingiveggen på tvers vert rekna som «den lengste, mest krevjande og mest forpliktande klatreekspedisjonen i Europa.»
Toppen vart først klatra i 1888 via nordaustryggen av eit britisk og sveitsisk lag av U. Almer, J. Cockin og C. Roth. Ruta er framleis ein av dei lettare og meir populære rutene på fjellet. Den første totale kryssinga av Bezingiveggen var i 1931 av austerrikarane K. Poppinger, K. Moldan og S. Schintlmeister.
Sjkhara vert berre klatra av «ei handfull mengd menneske» kvart år på grunn av dei vanskelege rutene, høgda og den avsides plasseringa.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Sjkhara, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.