Elbrus

Elbrus er ein fjelltopp vest i Kaukasus i Kabardino-Balkaria og Karatsjajevo-Tsjerkessia i Russland, nær grensa til Georgia.

Fjellet er ein stratovulkan som har vore sovande i om lag 2 000 år, og er det høgaste fjellet i Kaukasus. Om ein reknar grensa mellom Asia og Europa langs vasskiljet i Kaukasus eller nokon stad sør for dette, så er Elbrus det høgaste fjellet i Europa. Den vestlegaste av dei to toppane på Elbrus er 5 642 meter over havet, medan austtoppen er litt lågare med 5 621 meter over havet.

Elbrus
Эльбрус
vulkan
Elbrus
Elbrus i mai 2008
Land Elbrus Russland
Del av Seven Summits, Volcanic Seven Summits
Fjellkjede Kaukasus
Høgd 5 642 moh.
Primærfaktor 4 710 m
Koordinatar 43°21′N 42°26′E / 43.350°N 42.433°E / 43.350; 42.433
Vulkantype Stratovulkan
Siste utbrot år 50 ± 50 år
Vulkanaktivtet sovande vulkan
Lettast tilkomst Enkel klatring på snø/is.
Førstestiging Khilar Khatsjirov
 - dato 22. juli 1829

Elbrus
43°21′09″N 42°26′16″E / 43.35254°N 42.437875°E / 43.35254; 42.437875
Wiki Commons: Elbrus

Namn

Namnet «Elbrus» kjem av Alborz, som igjen kjem frå Harā Bərəzaitī, eit segnomsust fjell i persisk mytologi. Harā Bərəzaitī viser tilbake til det uriranske *Harā Bṛzatī. Harā kan tolkast som 'vakt', frå den urindoeuropeiske rota *ser-, 'vern'. I mellompersisk vart Harā Bərəzaitī til Harborz og i moderne persisk til Alborz, som er i slekt med Elbrus. Det kan vere ein samanheng mellom Elbrus og den urindoeuropeiske rota *Alba, som tyder 'fjell' eller 'kvit' (som i snø), som ein finn igjen i namn som Albania og Alpane.

Elbrus kan forvekslast med fjellkjeda Elburz i Iran. Fjellkjeda har same namneopphav som Elbrus.

Andre lokale namn

  • Miñgi-Taw (Минги-Тау) — Evig fjell (karatsjay-balkarspråk)
  • 'Uesj'hemakhue (Ιуэщхьэмахуэ, Ошхамахо) — Lykkefjell (adygheisk)
  • Jin-Padisjah (Джин-падишах) — eit anna tyrkisk namn
  • Albar, Albors (Альбар, Альборс) — høg (irnaks)
  • Ialbuzi, Jalbuz (იალბუზი, Ялбуз) — snøkledd (georgisk)
  • Uryusjgljumos (Урюшглюмос) — Dag-fjellet
  • Kuskamaf' (Кускамафь) — Lykkefjell
  • Sjat (Шат, Шат-гора)

Plassering

Elbrus ligg 20 km nord for hovudkjeda Store Kaukasus og 65 km sør-sørvest for den russiske byen Kislovodsk. Den permanente iskalotten gjev is til 22 isbrear, som igjen er kjelde til elvane Baksan, Kuban og Malka.

Historie

Elbrus 
Satellittbilete av Elbrus

I antikken kjende ein fjellet som Strobilus, det latinske ordet for «kongle», som kjem av det greske ordet strobilos, som tyder «vridd lekam», eit botanisk uttrykk som skildrar forma på toppen av ein vulkan. Myta seier at Zevs lenkja fast Prometheus her, ein av titanane som stal eld hos gudane og gav det til menneska, ein klar referanse til den vulkanske historia til fjellet. Den lågare av dei to toppane vart først klatra i 1868 av Douglas Freshfield, Adolphus Moore og C.C. Tucker, og den høgaste vart klatra 22. juli 1829 av Khilar Khatsjirov. Vinteren 1936 prøvde ei stor uerfaren gruppe med medlemmar frå Komsomol å nå toppen av fjellet. Det enda med mange dødsfall då dei glei på isen og ramla ned fjellsida.

Tyskarane okkuperte området rundt fjellet ei kort stund under den andre verdskrigen med 10 000 soldatar av ein Gebirgsjäger-divisjon (fjelltropp). Då Adolf Hitler fekk vite at den kommanderande offiseren av divisjonen hadde gjeve ordre om at soldatar skulle klatre til toppen av Elbrus og plante flagget til Nazi-Tyskland på toppen, skal han ha vorte rasande.

Elbrus 
Elbrus og dei to toppane

Sovjetunionen oppfordra til klatring av Elbrus og i 1956 steig 400 fjellklatrarar opp på fjellet for å markere 400-årsjubileumet for innlemminga av Kabardino-Balkaria, ein autonom sosialistisk sovjetrepublikk der Elbrus ligg.

Frå 1959 til 1976 vart det bygd ei kabelvogn som tar passasjerar opp til ei høgd på 3 800 meter. Det går fleire ruter opp til toppen, men den lettaste, som er fri for bresprekker går meir eller mindre direkte opp frå kabelvognstasjonen. Det er svært populært å klatre til toppen av fjellet, og det er ikkje uvanleg at opp til 100 personar om dagen prøver å nå toppen om sommaren. Om vinteren er det sjeldan klatrarar vågar seg opp på grunn av den strenge kulden og kraftige vinden. Kvart år mistar 15-30 menneske livet på veg opp Elbrus, stort sett på grunn av dårleg utstyr.

Elbrus 
Elbrus i 3D

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Elbrus  Wiki Commons har multimedia som gjeld: Elbrus

Tags:

Elbrus NamnElbrus PlasseringElbrus HistorieElbrus KjelderElbrus BakgrunnsstoffElbrusAsiaEuropaGeorgiaKabardino-BalkariaKaratsjajevo-TsjerkessiaKaukasusRusslandStratovulkanVasskilje

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

KopplamWayback MachineKristian ØdegårdOsloNéa ZíkhniPiscoFascismeBreiflabbSikhismenDigital object identifierAlf-Inge HålandFotballAlbert EinsteinFramstegspartietMidsommarVaskebjørnLundefuglSylfestMelodi Grand Prix 2024KirunaErteblomfamilienArmeniaStikkelsbærBerlinmurenGutzon BorglumGisøyaRumpeldunkTaylor SwiftBioteknologiStore norske leksikonVåren av Aasmund Olavsson VinjeHauge i DalanePeriferieininga SérresBroadwaySneppålSofie MarhaugEli Kari GjengedalStaudePolenLohengrin sjokoladeCascadaStareMoskvaBergen kommuneSkognBonitetPetter ThoresenJohann Sebastian BachHovudsideAftonbladetSvastikaIráklia i SérresNéo PetrítsiNasjonaldyrSvartedaudenDet ukrainske alfabetetUkrainsk matInternasjonal telefonkodeNorske fylkeskommuneslagordThe Rolling StonesÅAn-MagrittKirkeristenAnders Behring BreivikKormístaBieSekulærLibanonGoogle MapsOrFrode Grytten🡆 More