Sivilombodet, tidlegare Sivilombodsmannen (formelt Stortingets ombodsmann for forvaltninga), er Stortinget sin ombodsmann for den sivile forvaltninga.
Sivilombodsmannen har til oppgåve å sikre at offentlege styresmakter (kommune, fylkeskommune og staten) ikkje gjer urett mot den enkelte borgaren.
Sivilombodet | |||
| |||
Type | Ombodsmann | ||
---|---|---|---|
Org.nummer | 974 761 270 | ||
Skipa | 22. juni 1962 | ||
Hovudkontor | Akersgata 8, Oslo | ||
Sivilombudsmann | Aage Thor Falkanger | ||
Verkeområde | Noreg | ||
Tilsette | 64 (i 2015) | ||
Eigarskap | Stortinget | ||
Nettstad | www.sivilombudet.no |
Sivilombodsmannen kontrollerer den offentlege forvaltninga på grunnlag av klager frå folk som meiner at det er gjort urett og feil mot dei frå forvaltninga si side. Både statleg, kommunal og fylkeskommunal forvalting ligg under ombodsmannen sitt saksområde. Ombodsmannen kan òg ta opp saker av eige tiltak, altså utan at det ligg føre klage frå andre.
Det kostar ikkje noko å klage til Sivilombodsmannen. Alle kan gjere det ved å fylle ut eit klageskjema eller ved å skrive eit brev. Klaga må alltid vere skriftleg. Straks klaga er komen inn, går ein saksførehavar gjennom ho og vurderer om det ligg til ombodsmannen å handsame ho. Dersom saka ikkje kan handsamast, får klagaren ei grunngjeve melding om dette innan to veker.
Kjem ombodsmannen til at det er grunn til å sjå nærare på saka, får klagaren eit førebels svar før det vert vurdert om saka skal takast opp med det forvaltningsorganet som klaga gjeld. Er det etter ombodsmannen sitt syn grunnlag for nærare gransking, får forvaltningsorganet høve til å svare på klaga og på eventuelle spørsmål som ombodsmannen har stilt i tillegg. Klagaren får deretter høve til kommentere svaret frå forvaltningsorganet. Ombodsmannen vil til slutt seie si meining om saka. Eventuell kritikk frå ombodsmannen er ikkje formelt bindande for forvaltningsorganet, men det er praksis for at forvaltningsorganet vil fylgje tilrådingar og rette seg etter kritikk frå ombodsmannen.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Sivilombodet, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.