Shut Up 'n Play Yer Guitar Konsertalbum av Frank Zappa | ||
Språk | inkje språkleg innhald | |
Utgjeve | 11. mai 1981 (US) | |
Innspelt | 1972; februar 1976; februar 1977 - 11. desember 1980 | |
Sjanger | instrumental rock | |
Lengd | 106:52 | |
Selskap | Barking Pumpkin | |
Produsent | Frank Zappa | |
Frank Zappa-kronologi | ||
---|---|---|
Tinseltown Rebellion (1981) | Shut Up 'n Play Yer Guitar | You Are What You Is (1981) |
Shut Up 'n Play Yer Guitar er eit prosjekt som består av Shut Up 'n Play Yer Guitar, Shut Up 'n Play Yer Guitar Some More og Return of the Son of Shut Up 'n Play Yer Guitar, ein albumserie av Frank Zappa. Dei vart gjevne ut som separate album i mai 1981 på Barking Pumpkin Records og sidan som eit trippeltalbum i 1982.
Som tittelen indikerer består albumet utelukkande av instrumentalar og improviserte soloar, i stor grad framført på elektrisk gitar. Albumserien kom til etter at Zappa skrinla eit planlagt konsertalbum, Warts and All, og to spor meint for dette albumet finst i denne serien.
Dei individuelle Shut Up 'n Play Yer Guitar-albuma og boksen har alle fått god kritikk av kritkarane, og Zappa gav sidan ut to album til med utelukkande gitarbasert musikk: Guitar (1988) og Trance-Fusion (gjeve ut posthumt 2006).
Etter å ha gjeve ut Joe's Garage, bygde Frank Zappa eit heimestudio, Utility Muffin Research Kitchen, og planla å gje ut eit trippelt konsertalbum kalla Warts and All. Då Warts and All var nesten klart, meinte Zappa det var for tungvint og langt. Zappa laga seinare Shut Up 'N Play Yer Guitar-serien, med to spor opphavleg meint for Warts and All.
Albumet består utelukkande av instrumentalar og hovudsakleg gitarsoloar, som tittelen viser til. Innimellom kjem korte kommentarar mellom songane, mange som var meint for det skrinlagde albumet Läther. Kvar plate har fått tittelen etter ein variasjon av albumnamnet, og tittelsporet til kvar av desse finst på dei respektive platene.
Dei fleste av soloane på albumet er henta frå gitarsoloane på andre songar. Dei tre tittelspora kjem frå utgåver av «Inca Roads»; forskjellige andre soloar er henta frå «Conehead», «Easy Meat», «The Illinois Enema Bandit», «City of Tiny Lites», «Black Napkins», «The Torture Never Stops», «Chunga's Revenge» og «A Pound for a Brown on the Bus». «Ship Ahoy» var avslutninga frå ei utgåve av «Zoot Allures» medan den første delen finst på You Can't Do That on Stage Anymore, Vol. 3.
Det siste sporet, «Canard du Jour», er ein duett med Frank Zappa på elektrisk bouzouki og Jean-Luc Ponty på barytonfiolin frå eit studioopptak frå 1972.
Somme av soloane på dette albumet finst i The Frank Zappa Guitar Book.
Albumet kom ut i 1981 som tre separate album. Etter at albuma fekk suksess, valde Zappa å gje dei ut som ein boks med nytt omslag og med ny omslagstekst. Det vart gjeve ut på CD av Rykodisc i 1986 som ei dobbelplate, og igjen i 1995 som ei trippelplate.
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic (2 CD) | |
Allmusic (Shut Up 'n Play Yer Guitar Some More) | |
Allmusic (Return of the Son of Shut Up 'n Play Yer Guitar) |
Albumet vart godt teke i mot av kritikarane. Dobbel-CD-utgåva vart meld av Allmusic, der Sean Westergaard skreiv, «Frank Zappa [...] var ein av dei beste og mest undervurderte gitaristane. [...] Dette er eit album som alle som speler gitar burde høyre».
Suksessen til albumet gjorde at Zappa sidan gav ut to album til med gitarsoloar: Guitar, som kom ut i 1988, og Trance-Fusion, som kom ut posthumt i 2006. I tillegg finst samlealbumet The Guitar World According to Frank Zappa for magasinet Guitar World. I 1997 sette Dweezil Zappa saman eit nytt samlealbum med Zappa sine gitarbaserte songar og soloar, Frank Zappa Plays the Music of Frank Zappa: A Memorial Tribute.
Alle songar er skrivne av Frank Zappa utanom «Canard Du Jour» som var ein improvisasjon av Zappa og Jean-Luc Ponty.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «five-five-FIVE» | 2:35 |
2. | «Hog Heaven» | 2:46 |
3. | «Shut Up 'n Play Yer Guitar» | 5:35 |
4. | «While You Were Out» | 6:09 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
5. | «Treacherous Cretins» | 5:29 |
6. | «Heavy Duty Judy» | 4:39 |
7. | «Soup 'n Old Clothes» | 7:53 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Variations on the Carlos Santana Secret Chord Progression» | 3:56 |
2. | «Gee, I Like Your Pants» | 2:32 |
3. | «Canarsie» | 6:06 |
4. | «Ship Ahoy» | 5:26 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
5. | «The Deathless Horsie» | 6:18 |
6. | «Shut Up 'n Play Yer Guitar Some More» | 6:52 |
7. | «Pink Napkins» | 4:41 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Beat It With Your Fist» | 1:39 |
2. | «Return of the Son of Shut Up 'n Play Yer Guitar» | 8:45 |
3. | «Pinocchio's Furniture» | 2:04 |
4. | «Why Johnny Can't Read» | 4:04 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
5. | «Stucco Homes» | 8:56 |
6. | «Canard Du Jour» | 10:12 |
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Shut Up 'n Play Yer Guitar, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.