Shirley Temple Black (23.
april">23. april 1928–10. februar 2014) var ein amerikansk skodespelar og diplomat. Ho vert rekna som tidenes største barneskodespelar.
Shirley Temple | |||
| |||
Fødd | 23. april 1928 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Santa Monica | ||
Død | 10. februar 2014 (85 år) | ||
Dødsstad | Woodside | ||
Fødenamn | Shirley Jane Temple | ||
Aktive år | 1932, 1967–1963, 1992 | ||
Verka som | skodespelar, filmskodespelar, songar, diplomat, barneskodespelar, dansar, fjernsynsskodespelar, politikar | ||
Mor | Gertrude Amelia Temple | ||
Far | George Francis Temple | ||
Ektefelle | John Agar, Charles Alden Black | ||
Born | 3 | ||
Prisar | Academy Juvenile Award, Screen Actors Guild Life Achievement Award, Kennedy Center Honors, æresborger av Plzeň, Golden Plate Award, stjerne på Hollywood Walk of Fame |
Shirley Temple var dotter av George Francis Temple (1888–1980) og kona hans Gertrude Amelia Krieger (1893–1977). Allereie som treåring byrja ho på danseskule i Los Angeles. Der vart ho oppdaga av Charles Lamont, og vart ei såkalla barnestjerne.
Ein av dei fyrste filmrollene til Temple var i musikalen Bright Eyes (1934), som ho vann ein Oscar for. Ho medverka i eit stort tal filmar i 1930-åra, og var ei av dei største filmstjernene på den tida. Temple trekte seg tilbake frå rampelyset i byrjinga av tjueårsalderen.
Då Temple var 16 år gammal gifta ho seg med skodespelaren John Agar, og dei fekk ei dotter. Dei skilde seg ganske snart, og i 1950 gifta ho seg med forretningsmannen Charles Alden Black som ho fekk to barn saman med.
Temple vart seinare politisk interessert og vart medlem av Det republikanske partiet. I 1967 prøvde ho å verte vald inn i Kongressen, utan å lukkast. Ho fekk i staden fleire diplomat-oppdrag, då ho blant anna deltok ved fleire internasjonale konferansar og møter som delegat frå USA. Ho var ambassadør i Ghana, og seinare i Tsjekkoslovakia. I 1976 vart ho protokollsjef for USA, og var i denne stillinga ansvarleg for alle USA sine seremoniar, besøk og gåver til utanlandske dignitærar. Temple var også styremedlem i fleire større føretak, som The Walt Disney Company og Del Monte Foods.
Shirley Temple har fått ei stjerne på Hollywood Walk of Fame. I 1998 vart ho tildelt Kennedy Center Honors. I 1999 vart Temple kåra til tidenes 18. største kvinnelege filmlegende av Det amerikanske filminstituttet.
Temple var ein skodespelar som var aktiv i filmindustrien frå 1932 til 1949. Ho var med i fleire kortfilmar om livet hennar og til andre skodespelarar som ho arbeidde med i løpet av karrieren sin.
|
|
Dei fleste filmane i perioden frå 1933 til 1934 vart produserte som ein del av serien Baby Burlesks.
|
|
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Shirley Temple, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.