Selbu (sørsamisk: Saalboge) er ein kommune i Trøndelag fylke.
Han grensar i nord mot Malvik og Stjørdal, i aust til Meråker og Tydal, i sør til Holtålen og Midtre Gauldal, og i vest til Melhus og Klæbu kommune. Geografisk er Selbu ein sidedal til Stjørdalen.
Selbu kommune | |||
kommune | |||
| |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Trøndelag | ||
Adm.senter | Mebonden | ||
Areal | 1 235 km² | ||
- land | 1 147 km² | ||
- vatn | 88 km² | ||
Folketal | 4 216 (1. januar 2024) | ||
Målform | nøytral | ||
Ordførar | Ole Morten Balstad (Ap) | ||
Kommunenr. | 5032 | ||
Selbu kommune 63°11′54″N 11°08′25″E / 63.198333333333°N 11.140277777778°E | |||
| |||
Wiki Commons: Selbu | |||
Nettstad: www.selbu.kommune.no | |||
Kommunen er kjent for strikking, og mønsteret selburosa, som er gjengitt i kommunevåpenet, finst på eit stort tal vottar, strømper og så vidare frå kommunen.
Selbu er også kjent for store kvernsteinsbrudd i fjellet ved Kvernfjellvatn. Desse brudda var i drift i nærare 1500 år fram til 1930-åra. Allereie i vikingtida foregikk det eksport herfrå til heile Noreg, Danmark og Sør-Sverige, seinare også til Russland.
Selbu er ein skogkommune og har Kjeldstad sag og trelast som hjørnesteinsbedrift.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Selbu kommune, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.