Ein scherzo er eit musikkstykke med livleg karakter.
Ordet scherzo er italiensk og tyder spøk. Den typiske scherzo går i tredelt takt, men unntak finst, mellom anna i Ludwig van Beethovens 18. sonate for piano.
Scherzoen opptrer alt hos Joseph Haydn som tredje sats i symfoniar og kvartettar i staden for den rolege menuetten, men det var Beethoven og Franz Schubert som først brukte scherzoer i stor grad.
Av og til finn ein òg scherzoer som enkeltståande stykke, mellom anna hos Felix Mendelssohn og Frédéric Chopin.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Scherzo, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.